Studieplan - Friluftsliv, bachelorstudium, Sogndal

Kull Hausten 2020

Bachelor friluftsliv vil danne grunnlag for at du kan bli ein trygg vegleiar som kan gje gode naturopplevingar til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar. Kort veg til Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen, lang snøsesong og gode lærings- og treningsfasilitetar på campus dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i utdanninga.

Læringsutbytte

Etter fullført bachelorstudium i friluftsliv skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om formidling, planlegging og gjennomføring av ulike former for friluftsliv
  • har kunnskap, innsikt og evne til kritisk vurdering av verdiar og haldningar som pregar vår levemåte, samt dei konsekvensane desse har for forholdet mellom menneske, natur, kultur og samfunn
  • har generell kunnskap om normer, regler og lover knytt til utøving av friluftsliv
  • har innsikt i filosofiske, samfunnsmessige og pedagogiske problemstillingar knytt til friluftsliv
  • kjenner til og kunne bruke relevante metodar for forsking og vitskapleg utviklingsarbeid innan friluftsliv

Ferdigheiter

Kandidaten

  • viser grunnleggande praktiske ferdigheiter i friluftsliv, med utgangspunkt i den natur og kultur som finst i regionen
  • kan anvende sine faglege kunnskapar og spesifikke ferdigheiter i nærmiljøet og i utvalde miljø som bre, fjell og fjord til ulike årstider
  • har grunnleggande kunnskap og erfaring i å planlegge, organisere og rettleie for ulike typar friluftsliv, naturleikeplass og uteskule
  • har kunnskap om aktiv bruk av IKT og spesifikt blogg som formidlingsverktøy

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan sjølvstendig fortsette eigen kompetanseutvikling og spesialisering innan praksisfeltet til friluftsliv
  • har innsikt i friluftslivets plass i samfunnet
  • kan planlegge og gjennomføre trygge friluftslivaktiviteter for ulike grupper
  • har innsikt til myndigheitene sine krav til HMS for feltet
  • er kvalifisert for vidare studium på mastergradsnivå

Innhald

Bachelorstudiet er bygd opp av 1. år bachelor idrett, 2. år og 3. år bachelor friluftsliv. Det siste semesteret i bachelorutdanninga inneheld valemne på til saman 30 studiepoeng.

1. studieår 

Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne. Studiet inneheld desse emna:

- Rørslelære, anatomi, motorikk, 10 sp

- Idrett og samfunn, 10 sp

- Undervisningslære, 10 sp

- Aktivitetslære, 15 sp

- Treningslære, 15 sp

2. studieår

- Friluftsliv bre/fjell og naturkjennskap (15 sp)

- Friluftslivs pedagogikk (15 sp)

- Friluftsliv vinter (15 sp)

- Friluftsliv, kultur og samfunn (15 sp)

Kunnskap om entreprenørskap i friluftsliv vert formidla gjennom studieåret.

3. studieår

- Natur guiding, klatring og havkajakk (15 sp)

- Bacheloroppgåve (15 sp)

I vårsemesteret 3. studieår vel studentane 30 studiepoeng frå valfrie emne. Studentane kan velje om dei vil ta dei valfrie emne ved HVL, campus Sogndal, anna høgskule, universitet i Noreg eller i andre land. Valemna HVL, campus Sogndal kan tilby vil bli presentert for studentane ved studiestart.

Praksis

I praksisperioden skal studenten:

  • erfare kva som vert kravd av planleggingsarbeid i kroppsøvingsfaget
  • prøve ut praktisk ulike arbeidsmåtar og undervisningsmetodar
  • organisere aktivitetar
  • erfare kroppsøvingslærarrolla i praksis
  • reflektere over eigen og andre si undervisning

Krav til greidd praksis er at studenten;

  • viser evne til å planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen undervisning og gjennomføre pålagde oppgåver
  • viser evne til samarbeid, møter presis til avtala tidspunkt og gjer pålagte oppgåver

1.år idrett:

2 veker praksis går ut. Endring kjem som følgje av tiltak grunna Covid-19.

2.år friluftsliv: 

Praksis 14 dagar i vårsemesteret. Praksis i skule eller institusjon knytt til fysiske- og psykiske helseutfordringar.

Arbeidsformer

Undervisnings- og læringsformene er varierte og vil veksle mellom førelesningar, gruppearbeid, individuelt arbeid og ekskursjonar. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Nærare omtale vil gå fram av dei einskilde emneomtalane.

Lærestoffet skal så langt som råd verte integrert og erfart i den praktiske undervisninga. På turar og ekskursjonar vil metodiske vurderingar stå sentralt, saman med høg eigendugleik og meistring av ferdigheitar innan friluftsliv.

Studentane skal gjennom studiet etablere refleksjonsblogg i samband med alle gjennomførte ekskursjonar. Studentane får framleggingsoppgåver (30 -40 min. i tildelt tema) og andre innleveringsoppgåver som skal stimulere til eigenaktivitet. Det vert forventa at studentane tek ansvar både for planlegging og gjennomføring av turar i ulike miljø.

Vurderingsformer

Høgskulen brukar ulike vurderingsformer. I bachelorstudiet blir det nytta skriftleg skuleeksamen, praktisk eksamen, munnleg eksamen, heimeeksamen og mappeinnlevering.

Vurderingsformer går òg fram av emneomtalane.

Krav til studieprogresjon

Minimum 90 studiepoeng frå bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor Idrett og Kroppsøving, bachelor Friluftsliv eller tilsvarande for å kunne ta emne ID3-322 Bacheloroppgåve i Friluftsliv.

Internasjonalisering

Det er høve til studieopphald i utlandet i vårsemesteret i tredje studieår. HVL har utvekslingsavtalar med institusjonar i Australia, USA og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus-programma.