Havteknologi

Master Hausten 2020

Masterprogram i havteknologi blir tilbydd av Universitetet i Bergen og er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Studiet har to studieretningar: Marine installasjonar og marin måle- og styringsteknologi.

Det marine miljø er verken ferdig utforska eller kartlagt. Det trengs god måle- og styringsteknologi, samt marine installasjonar for å gjere jobben. Framfor oss ligg det utfordingar innan mellom anna overvaking av havstrømmar og havbruksnæringa, utnytting av fornybare energikjelder offshore og utforsking av nye mineral- og bio-ressursar i djuphava.

For deg som er utdanna ingeniør gir studiet ein brei kompetanse innan sentrale tema i havteknologi med spesielt fokus på marin måle- og styringsteknologi samt marine installasjonar. Programmet er bygd opp slik at du skal utvikle evna til å forstå noverande og kunne vidareutvikle framtidig havteknologi.

Både teoretiske og praktiske emne inngår i utdanninga. Arbeidsforma er førelesningar, kollokvie, laboratoriearbeid, samt eit rettleia forskingsprosjekt i form av ei ettårig masteroppgåve. Du vil få god kjennskap til vitskaplege arbeidsmåtar, og få trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver.

Studiet er sett saman av emne/kurs og ei masteroppgåve. Tre av emna (30 studiepoeng) er obligatorisk innan studieretninga.

Universitetet i Bergen er ansvarleg for opptak til studiet og tildeler mastergraden. For meir informasjon, sjå studiet si nettside på UiB.