Studieplan - Idrett, 1. år bachelor (Idrett årsstudium)

Kull Hausten 2020

Studiet er eit årsstudium som kan inngå i bachelorstudiet i Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudiet i Idrett og kroppsøving eller bachelorstudiet i Friluftsliv. Studiet er retta mot personar som ynskjer å undervise i kroppsøvingsfaget i grunnskule og vidaregåande skule, eller som ynskjer å ta ei friluftslivs eller idrett- og helseutdanning ved HVL, campus Sogndal eller andre institusjonar. Målgruppa er og personar som ynskjer å arbeide med frivillig idrettsarbeid. 

Læringsutbytte

Etter fullført idrett 1. år bachelor skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:

  • kan forklare og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og samfunn, aktivitetslære, rørslelære, anatomi, motorisk læring, treningslære og undervisningslære
  • har brei kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan vise ferdigheiter, forklare, anvende, observere, analysere og reflektere over sentrale element i praktiske aktivitetar
  • kan vise ferdigheiter i høve til planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan anvende og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet idrett
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver aleine eller saman med andre

Innhald

Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.

Studiet inneheld følgjande emne:

  • Rørslelære, anatomi, motorisk læring, 10 sp
  • Idrett og samfunn, 10 sp
  • Undervisningslære, 10 sp
  • Aktivitetslære, 15 sp
  • Treningslære, 15 sp

Praksis

2 veker praksis går ut. Endring kjem som følgje av tiltak grunna Covid-19.

Arbeidsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med fagkunnskap, eigendugleik og mestring av sentrale element i dei ulike aktivitetane. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.

Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Studentane har arbeidskrav knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet.

Vurderingsformer

Skriftleg individuell eksamen, skriftleg heimeeksamen, individuell praktisk eksamen. Sjå også emneomtalane.