Idrett og kroppsøving

Bachelor Hausten 2020

Vil du jobbe i idretten eller studere vidare for å undervise i idrett og kroppsøving i skuleverket? Bachelor i idrett og kroppsøving passar godt for deg som vil bli kroppsøvingslærar, trenar, leiar i idrettsorganisasjonar eller jobbe innan den kommersielle treningsbransjen. Gjennom studiet kan du også ta trenarutdanning i fotball.

Studiet passar for deg som er opptatt av idrett og læring hos elev, utøvar, trenar eller lærar. Gode lærings- og treningsfasilitetar på campus dannar ei unik ramme for klasseromma me brukar i utdanninga. I tillegg er det kort veg til fantastsk natur som Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen.

Gjennom studiet lærer du:

  • å bygge opp idrettsaktivitetar i skule og fritid
  • å planlegge, gjennomføre og analysere fysisk trening
  • om idrettsfordjuping, ferdigheitslæring, coaching og sport, kultur og leiing
  • om idrettsaktivitetar som ballspel, fotball, symjing, basistraning og nærfriluftsliv
  • å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåve

Dersom du vil ta trenarutdanning i fotball, vel du fordjuping fotball som valemne i 6. semester. Arbeidskrav og praksis i 2. og 3. år vil vere retta mot fotballfeltet, og du skriv bacheloroppgåve retta mot fotballfeltet

Det første studieåret utgjer årsstudium i idrett. Har du årsstudium i idrett, personlig trener eller tilsvarande, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom teoretisk undervisning og praktisk aktivitet, med forelesingar, praktiske økter, prosjekt- og gruppearbeid, individuelle oppgåver, individuell rettleiing og praksis. Det blir lagt vekt på studentaktiv læring og eigeninnsats.

Praksis

Studiet inneheld to praksisperiodar. Punktpraksis 2. studieår og fem dagar over to veker 3. studieår. Praksisen er knytt til skule og idretten.

Informasjon om praksis.

Vil du studere meir?

Utveksling

Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 6. semester. Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer!

Kor kan du reise?