Studieplan - Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudium, Sogndal

Kull Hausten 2020

Bachelorutdanning i idrett, fysisk aktivitet og helse er ei avsluttande 3-årig idrettsutdanning. Studiet gir brei kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse, samt korleis fysisk aktivitet påverkar og kan tilpassast barn, unge, vaksne og eldre i eit helsefremmande, førebyggande og behandlande perspektiv. Studiet gir kompetanse i å planlegge, tilrettelegge, lede, gjennomføre og evaluere helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande tiltak innan fysisk aktivitet både i offentleg og privat sektor. Utdanninga gir deg kompetanse til å jobbe både i offentleg og privat sektor, mellom anna ved rehabiliteringssenter, Frisklivssentralar og i treningssenterbransjen.

Læringsutbytte

Etter fullført bachelorstudium i Idrett, fysisk aktivitet og helse skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:

  • kan forklare og ha brei kunnskap i høve sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og samfunn, aktivitetslære, rørslelære, anatomi, motorisk læring, treningslære og undervisningslære
  • har kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå 
  • har kunnskap om humanfysiologi, treningslære og kroppens adaptasjon til trening
  • har kunnskap om folkehelsearbeid på nasjonalt, regionalt og lokalt plan
  • har kunnskap og innsikt i sosiale og psykologiske aspekt i folkehelsearbeidet
  • har kunnskap om samanhengar mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse, samt korleis fysisk aktivitet påverkar og kan tilpassast barn, unge, vaksne og eldre i eit helsefremmande, førebyggande og behandlande perspektiv
  • har grunnleggande kunnskap om strategiar og metodar for endring av helsevanar
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan dei aktuelle fagaområda samt kan oppdatere kunnskapen sin på områda
  • har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde samt kjenne til ulike typar trykte og digitale kjelder og sentrale fagdatabasar

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • viser ferdigheiter i høve til planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike ferdigheitsnivå og for personar med ulik helsetilstand
  • viser ferdigheiter og kan observere, analysere og reflektere over sentrale element i praktiske aktivitetar
  • kan gjennomføre ulike typer testing av styrke og utholdenhet, lungefuksjon og helseprofilvurdering 
  • kan gjennomføre rettleiing i høve endring av helsevanar
  • kan gjennomføre praktisk arbeid i offentlege og private verksemder
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskingsarbeid under vegleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske reglar
  • kan delta aktivt i samskapande og nyskapande prosessar

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan utveksle og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområde idrett, fysisk aktivitet og helse
  • kan legge til rette for fysisk aktivitet for friske og personar med behov for tilpassa fysisk aktivitet
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere helsefremmande, førebyggande og behandlande trening
  • kan samhandle og kommunisere med kundar, pasientar, brukarar, kollegar og andre aktørar innan fagområde
  • har evne til å fremstå profesjonelt og bevisst reflektere over eigne haldningar og etisk medvit 

Innhald

Bachelorstudiet er bygd opp av 1. år bachelor idrett, 2. år bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse og 3. år bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse. Det siste semesteret i bachelorutdanninga inneheld valemne på til saman 30 studiepoeng.

1. studieår

Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.

Studiet inneheld desse emna:

  • Rørslelære, anatomi, motorisk læring (10 sp)
  • Idrett og samfunn (10 sp)
  • Undervisningslære (10 sp)
  • Aktivitetslære (15 sp)
  • Treningslære (15 sp)

2. studieår

  • Folkehelsearbeid (15 sp)
  • Humanfysiologi og treningslære (15 sp)
  • Fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv (15 sp)
  • Førebyggande fysisk aktivitet (15 sp)

3. studieår

  • Bacheloroppgåve (15 sp)
  • Tilpassa fysisk aktivitet (15 sp)

I vårsemesteret i 3. studieår vel studentane 30 sp valfrie emne. Studentane kan velje om dei vil ta dei valfrie emne ved HVL, campus Sogndal, annan høgskule, universitet i Noreg eller i andre land. Valemna HVL, campus Sogndal, kan tilby vil bli presentert for studentane ved studiestart.

Praksis

I praksisperioden skal studenten:

  • erfare kva som vert kravd av planleggingsarbeid i kroppsøvingsfaget
  • organisere aktivitetar
  • erfare kroppsøvingslærarrolla i praksis
  • reflektere over eigen og andre si undervisning

Krav til godkjent praksis er at studenten;

  • viser evne til å planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen undervisning og gjennomføre pålagde oppgåver
  • viser evne til samarbeid og møter presis til avtala tidspunkt

Idrett, 1. studieår: 

2 veker praksis går ut. Endring kjem som følgje av tiltak grunna Covid-19.

Idrett, fysisk aktivitet og helse, 2. studieår har tre praksisperiodar:

a) Treningssenterpraksis:

Knytt til emnet ID3-222 Førebyggande fysisk aktivitet. Arbeidsmengde tilsvarande ei veke. Læringsmål for denne praksisen har fokus på instruktørrolla for ein treningsrettleiar, både mtp. det tekniske (utarbeide og evaluere treningsprogram osv.) og det mellom-menneskelege.

Etter endt praksis skal studenten:

  • ha kjennskap til ulike arbeidsoppgåver ved eit treningssenter
  • ha grunnleggande kunnskap om utarbeiding av treningsprogram til kundar
  • ha grunnleggande ferdigheiter til å instruere og kommunisere med kundar

Praksis og arbeidskrav vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

b) Yrkespraksis 

Utgjer tre veker samanhengande praksis innan førebygging, behandling eller rehabilitering. Praksisen er knytt til emnet ID3-222. Førebyggande fysisk aktivitet. Studentane observerer og deltek i det daglege arbeidet som er på yrkesplassen. Studentane får oppfølging av rettleiar på praksisplassane.

Etter endt praksis skal studenten:

  • ha tileigna seg kunnskap om korleis ein planlegg og gjennomfører treningsopplegg med brukargruppene
  • forstå kva det vil sei å ha ansvar for dagleg hjelp, støtte og kontakt med brukarane
  • kunne samhandle og kommunisere med kundar, pasientar, brukarar, kollegar og andre aktørar innan fagområde
  • vise evne til å fremstå profesjonelt og bevisst reflektere over eigne haldningar og etisk medvit 

Praksis og praksisrapport blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

c) Individuell treningsrettleiing organisert som punktpraksis (ca. 20 arbeidstimar).

Kvar student får tildelt ein kunde/deltakar/brukar som dei skal veilede 10 treningsøkter.

Etter endt praksis treningsrettleiing skal studenten kunne utarbeide treningsprogram, rettleie under trening og styre progresjon i treninga. Praksis treningsrettleiing er knytt til emnet ID3-223 Fysisk aktivitet i eit livsløpsperspektiv

Idrett, fysisk aktivitet og helse, 3. studieår:

Yrkespraksis er lagt til emnet ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet.

To veker praksis på valfri arbeidsstad innan anten førebygging, helsefremming eller behandling. Praksisen kan vere samanhengande eller organisert som punktpraksis med same omfang.

Etter endt praksis skal studentane kunne planlegge og gjennomføre ulike arbeidsoppgåver der fysisk aktivitet som helsefremmande, førebyggande og/eller behandlande tiltak er fokus.

Studenten kan påverke kva retning han ynskjer å få meir praktisk erfaring i ved sjølv å finne seg praksisplass. Praksisen vert gjennomført under rettleiing av personar som er godkjende av høgskulen. Etter endt praksis skal studentane leggje fram praksiserfaring og diskutere problemstillingar i praksisrapporten med medstudentar. Praksisen vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent, der både praksisrapport, gjennomføring og presentasjon må vere godkjent.

Arbeidsformer

I første studieår er det tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne. I dei praktiske emna vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigeninnsats og meistring av sentrale bevegelsesmønster.

Andre og tredje studieår har meir fokus på teoretiske emne, og hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. Men det vil og være praktisk undervisning og studentaktive undervisningsformer organisert både i større og mindre grupper utandørs, i treningssal og i treningsstudio. Studentane vil få erfaring med ulike typar lab.arbeid relevant for testing av fysisk helse. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.

Ulike pedagogiske læringsformer som skal stimulere til større eigenaktivitet og eigenlæring vert nytta gjennom studiet. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen. Studentane får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet. 

Vurderingsformer

Studiet inneheld skriftlege, munnlege og praktiske arbeidskrav individuelt og i gruppe. Vurderingsformer for eksamen er mappevurderingar, munnlege og skriftlege eksamenar og praktisk eksamen.

Vurderingsformene går òg fram av emneomtalane.

Krav til studieprogresjon

Minimum 90 studiepoeng frå bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelor Idrett og Kroppsøving, bachelor Friluftsliv eller tilsvarande for å kunne ta emne ID3-302 bacheloroppgåve i Idrett, fysisk aktivitet og helse

Internasjonalisering

Det er høve til studieopphald i utlandet vårsemesteret i tredje studieår. Høgskulen har utvekslingsavtalar med institusjonar i Australia, USA og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus-programma.