Studieplan - Bachelor i informasjonsteknologi

Kull Hausten 2020

I dagens samfunn er vi omgitt av teknologi som i aller høgaste grad byggjer på data- og informasjonsteknologi (IT). IT-system er grunnlaget for mobiltelefonen, minibanken, kortlesaren i butikken og moderne biler, for å nemne nokre. IT gjennomsyrer også arbeidslivet, og så godt som alle arbeidsplassar nyttar seg av IT-system av ulike slag. Kvar gong datateknologi skal brukast på ein ny måte, eller eksisterande system skal utvidast eller knytas saman, må det lagast dataprogram. Med utdanning innan informasjonsteknologi kan du bidra til dette, ved å utvikle nye, eller integrere og modernisere eksisterande system.

Teknisk utstyr og metodar endrast raskt. I studiet vert det derfor lagt vekt på både å gi studentane eit fundament av teoretiske kunnskapar og kjerneelement i faget som er av varig verdi, kombinert med praktisk kunnskap om utvikling og bruk av moderne dataverktøy. Dette skal gjere kandidatane i stand til å bidra til innovasjon og nyskaping på alle område i samfunnet der IKT-fagleg kompetanse er aktuell.

Det er òg eit mål at ein kandidat med bachelorgrad i informasjonsteknologi skal ha kunnskapar om leiing og organisasjon for å kunne bidra til samarbeid på alle plan i organisasjonen gjennom god skriftleg og munnleg kommunikasjon, både på norsk og engelsk. Dei samfunnsmessige konsekvensane av moderne informasjons- og kommunikasjonsteknologi krev at studenten utviklar forståing av og bevisste haldningar til teknologien sin verknad på individ og samfunn.

Læringsutbytte

Etter fullført og bestått 3-årig bachelorgrad i informasjonsteknologi skal ein kandidat:

Kunnskap

  • ha brei kunnskap som gjev eit heilskapleg systemperspektiv på informasjonsteknologi, inkludert problemløysing, programvareutvikling og grensesnitt, samt prinsipp for oppbygging av datasystem og datanettverk.
  • ha grunnleggjande kunnskapar i matematikk, naturvitskap, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis desse kan nyttast i informasjonsteknologisk problemløysing.
  • ha kunnskap om teknologien sin historie, teknologiutvikling, ingeniøren sin rolle i samfunnet, relevante lovar knytt til bruk av datateknologi og programvare, og kunnskapar om ulike konsekvensar ved bruk av informasjonsteknologi.
  • kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innan fagfeltet, samt relevante metodar og arbeidsmåtar.
  • kunne oppdatere kunnskapane sine innan fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø, brukargrupper og praksis.

Ferdigheiter

  • kunne bruke kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innan informasjonsteknologi og grunngi val ein tek.
  • meistre metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid, inkludert å
    • bruke operativsystem, systemprogramvare og nettverk
    • utarbeide krav og modellere, utvikle, integrere og evaluere datasystem
    • bruke programmeringsverktøy og systemutviklingsmiljø
  • kunne identifisere, planleggje og gjennomføre informasjonsteknologiske prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment, både sjølvstendig og i team.
  • kunne finne, vurdere, bruke og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling.
  • kunne bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling og realisering av bærekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar der informasjonsteknologi er ein del.

Generell kompetanse

  • ha innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innan informasjonsteknologi og kan sette desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
  • kunne formidle kunnskap om informasjonsteknologi til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, og kunne bidra til å synliggjere denne teknologien sin betyding og konsekvensar.
  • kunne reflektere over eigen fagleg praksis, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • kunne bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innan eige fagområde og dele kunnskapar og erfaringar med andre.

Innhald

Dei fire fyrste semestra består av felles emne. Deretter vel studentane emne ut frå ynskje om fordjuping i ulike retningar:

I Førde tilbyr vi ei fordjuping i web- og mobilteknologi som legg spesiell vekt på utvikling av sikre og brukarvenlege web-løysingar og appar for nettbrett og mobiltelefonar. Som obligatoriske emne inngår her Vidaregåande webapplikasjonar og Mobile og distribuerte applikasjonar. Web og mobil er eit veksande område med stadig skiftande trendar. Gjennom denne retninga vil studentane få varige basiskunnskapar som kan brukast i morgondagens løysingar.

Robotikk er eit populært tema, som gjev relevant kompetanse for mange typar prosjekt. Emnet Intelligente robotar passar godt inn som supplement til andre spesialiseringsemne, og er eit unikt tilbod i Førde.

Det er også mogleg å få vitnemål utan å velje ei fordjuping. Dei 20 studiepoenga som ville inngått i fordjupinga vil då i staden kunne takast som valfrie emne. Denne moglegheita vil òg vere aktuell for studentar som reiser på utveksling.

Praksis

Studiet tilbyr moglegheit for ein praksisperiode i ei lokal bedrift i 1/3 semester. Dette vil gje deg verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet. Når du er utplassert i bedrifta, får du delta aktivt i bedrifta sine IT-relaterte arbeidsoppgåver. Praksisopphaldet er valfritt, og er lagt til siste del av utdanninga. 

Arbeidsformer

Studiet er ein kombinasjon av teori gjennomgått på forelesingar, oppgåveløysing og mykje praktisk arbeid på datalaboratorium. Gjennom laboratoriearbeidet skal studentane prøve ut prinsipp som er omtalt i forelesingane og bruke prinsippa på analyse av problemstillingar, konstruksjon av løysingar og testing av programvare og maskinvare. I tillegg blir ein kjent med mange ulike slag utstyr og basisprogramvarer. I dei fleste emna er det obligatoriske arbeid med rapportar, lab-journalar e.l. som skal leverast inn. Oppgåver og annan viktig informasjon om dei enkelte emna blir lagt ut på høgskulen sitt web-baserte studiestøttesystem, men eksempel og anna hjelpemateriell kan og bli delt ut der undervisninga går føre seg.

Studentane må ha eigne datamaskinar for bruk de første åra av studiet. Det er lagt opp til bruk av trådlaust nett slik at studentane kan bruke sine eigne datamaskinar i laboratorium, klasserom og grupperom. Det er ikkje spesielle krav til studentane sine datamaskinar ut over normale spesifikasjonar. Programvaren som skal brukast i undervisninga er gratis.

Vurderingsformer

Dei fleste emna har avsluttande skriftleg eksamen med bokstavkarakter, og i tillegg er det obligatoriske arbeidskrav som må vere bestått. Nokre emne har delprøvar eller prosjektoppgåver undervegs i semesteret som tel med i sluttkarakteren i tillegg til ein avsluttande munnleg eller skriftleg eksamen. Detaljert informasjon om dette er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne.

Krav til studieprogresjon

Ved tildeling av prosjektoppgåve etter 5. semester skal 120 studiepoeng, inkludert alle emna som inngår i fyrste studieår og eventuelle fordjupingsfag som oppgåva byggjer på, vere bestått. Dersom tildeling av oppgåva blir gjort etter 4. semester, vert studiepoengkravet redusert til 100 studiepoeng. Etter skriftleg søknad innan gitt tidsfrist og gjennomført utdanningssamtale kan dispensasjon frå forkunnskapskravet bli gitt.

Internasjonalisering

Det blir lagt til rette for studieopphald i utlandet i 5. og 6. semester.

Organisering

Bachelorstudiet til informasjonsteknologi er 3-årig, og kvart studieår er inndelt i to semester. I kvart semester tar ein normalt 3 emne på til samen 30 studiepoeng.

Alle studentar tar dei same emna i dei fire fyrste semestra. Fyrste semester omfattar 30 studiepoeng emne med grunnleggjande matematikk, grunnleggjande programmering, samt prosjektarbeid med innføring i ingeniørfagleg IT-arbeid. Dei neste tre semestra omfattar 120 studiepoeng og omfattar grunnlagsfaga matematikk og statistikk, samt IT-emne som dannar grunnlag for vidare spesialisering.

Studiet har 30 studiepoeng med valfrie emne. Du kan velje mellom ulike IT-emne eller emne frå andre ingeniørstudiar.

I 5. semester av studiet vel du mellom ulike valfag. Kva emne som blir tilbydd vil variere over tid. I 6. semester skal det gjennomførast ei bacheloroppgåve (20 studiepoeng) som kan foregå ved høgskulen eller ute i ei bedrift eller ein institusjon som høgskulen samarbeider med.