Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, Brannsikkerheit

Kull Hausten 2020

Studiet er 3-årig og kvalifiserer til ein Bachelorgrad.

 

Branningeniørar er spesialiserte sikkerheitsingeniørar som arbeider med brannsikkerheit. Hovudoppgåva deira er å gjere førebyggjande tiltak som hindrar og reduserar konsekvensane av brann. Branningeniørar arbeider som branntekniske rådgjevarar. Etterspurnaden er stor, og HVL er dei einaste i Noreg som utdannar branningeniørar. Ferdigutdanna branningeniørar har gode jobbutsikter.

Sentrale tema i studiet er brannfysikk, risikoanalyse, HMS, bygningsteknologi, brannsikkerheit i design av bygg, beredskapsleiing og sløkkjesystem.

Målgruppe: Kandidatar frå heile landet som ønskjer å jobba med branntekniske problemstillingar.

Bachelorstudium i brannsikkerhet føl Forskrift om rammeplanen for ingeniørutdanning, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 18.mai 2018.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:

 

Kunnskap:

Kandidaten:

· Har brei kunnskap som gjev eit heilskapleg systemperspektiv på ingeniørfaget generelt, med fordjuping i fagfeltet brannsikkerheit.

· Har grunnleggjande kunnskap i matematikk, naturvitskap, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis desse kan integrerast i problemløysing innan brannsikkerheit.

· Skal med hovudvekt på brannsikkerheit ha kunnskap om teknologiens historie, teknologiutvikling, ingeniørens rolle i samfunnet samt konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi.

· Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet brannsikkerheit, samt relevante metodar og arbeidsmåtar innan ingeniørfaget.

· Kan oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.

  

Ferdigheiter:

Kandidaten:

· Kan nytta kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innan brannsikkerheit og grunngje vala sine.

· Har ingeniørfagleg digital kompetanse, kan arbeida i relevante laboratorium/felt og meistrar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.

· Kan identifisera, planleggja og gjennomføra prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team.

· Kan finna, vurdera, nytta og visa til informasjon og fagstoff og framstilla dette slik at det kastar lys over ei problemstilling.

· Kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling og realisering av bærekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar.

  

Generell kompetanse:

Kandidaten:

· Har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innan brannsikkerheit og kan setja desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.

· Kan formidla kunnskap innan brannsikkerheit både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk til ulike målgrupper og kan bidra til å synleggjera teknologiens verdi og konsekvensar.

· Kan reflektera over eigen fagleg utøving, òg i team og i ein tverrfaglig samanheng, og kan tilpassa denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.

· Kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innan fagområdet og dela kunnskapane og erfaringane sine med andre.

 

Innhald

Studiet er 3-årig og kvalifiserer til ein bachelorgrad. Høgskulen på Vestlandet er den einaste studiestaden i Noreg som tilbyr bachelorutdanning innan brannsikkerheit. Med denne bakgrunnen har Ingeniørutdanninga profilert seg sterkt mot studium knytt til sikkerheitsfag.  

Brannvern og tryggleik er blitt meir og meir aktuelt i samfunnet vårt. Lange tunnelar, høgare bygg og kompliserte skip gir store og spennande utfordringar for branningeniørar. Studiet tek for seg prosessane som styrer ein brann, estimerer storleiken på ein eventuell brann, samt konsekvensane av brannen. Studiet er tverrfagleg, og sentrale tema er brannfysikk, risikoanalyse, internkontroll, brannvern og bygningsteknologi. Vi fokuserer òg på planlegging av ulike beredskapssituasjonar generelt.

 

Gjeldane rammeplan:

Rammeplan for ingeniørutdanning, fastsett 3. februar 2011 av Kunnskapsdepartementet.

 

 

Arbeidsformer

Arbeids- og undervisningsformer: Arbeidsformene for å formidla faget er varierte og skal invitera studentane til aktivitet og sjølvstendig tenking. Førelesingar, oppgåveløysing i grupper og problembasert læring er dei mest vanlege. Gruppearbeid er den dominerande arbeidsforma til studentane i tillegg til individuell lesing. Det vert lagt ned mykje arbeid i førebuingar frå fagpersonalets side og det vert difor forventa at studentane møter budd til undervisninga.

Praksis: Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis.

FoU-basering: Ei forskingsbasert og analytisk tilnærming til emna dominerar undervisninga i emna som inngår i studiet. Det inneber at undervisninga avspeglar ein forskingsbasert måte å nærma seg problemstillingar og faglege tema på. Fagtilsette som driv forsking skal formidla kunnskapen sin til studentane, det gjeld både forskingstema, bruk av teori og forskingsmetode. Dei skal òg rettleie studentar som arbeider med bacheloroppgåver. Studentane skal sjølv lære å søkje relevant forskingslitteratur og bruke forskingsbasert kunnskap i arbeida sine.

Vurderingsformer

Ved utdanninga er det lagt opp til varierte vurderingsformer i de ulike emna. Vurderingsordninga i eit emne kan til dømes vere i form av skriftleg skuleeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, prosjekt eller heimeeksamen. Eit emne kan òg ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer vert kombinert, til dømes skriftleg eksamen og mappeeksamen. I mange av emna er det arbeidskrav, som er oppgåver/aktivitetar/arbeid som ikkje tel på den endelege karakteren, men som må vere godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

Informasjon om vurderingsordninga går fram av emneskildringa til kvart enkelt emne og vert gjennomgått av emneansvarleg ved semesterstart. Sjå elles forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet for nærare detaljar.

 

Internasjonalisering

Høgskulen legg til rette for at alle studentar skal kunne ta 1-2 semester av utdanninga si utanfor Noregs grenser. Det er fleire avtalar innan EU-programma Sokrates/Erasmus og Leonardo da Vinci. Du kan lese meir om HVL Haugesunds utvekslingstilbod her.

De fleste emna blir undervist på norsk, mens mykje av litteraturen er på engelsk. Spesielt i 5. semester kan det førekome at emne blir undervist på engelsk for at studenter frå andre land skal ha høve til innveksling, samstundes som dette er eit ledd i internasjonaliseringa for dei av studentene våre som ikke vel å reise på utveksling.

Organisering

Utdanninga er treårig og kvart studieår er inndelt i to semester. Kvart semester tek studenten normalt 3 til 4 emne, som samla vert 30 studiepoeng.

Studiet er et fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt for deltid. 
Undervisninga føregår primært mellom kl 08:00 og 16:00, men undervisning på ettermiddagen kan førekome. 
Studenten må rekna med å bruka i snitt minimum 40 timar effektiv arbeidstid per veke på studiet. Nokre studentar vil ha behov for å bruka meir tid.

Bachelorprogrammet føl Rammeplan for ingeniørutdanning og emna er fordelt i følgjande kategoriar:

Ingeniørfaglig basis: 30 studiepoeng med grunnleggjande matematikk, ingeniørfagleg systemtenking og innføring i ingeniørfagleg yrkesutøving og arbeidsmetodar. Dette skal i hovudsak bli relatert til ingeniørutdanninga og leggje grunnlaget for ingeniørfaget.

Programfaglig basis: 50–70 studiepoeng med tekniske fag, realfag og samfunnsfag. Dette skal i hovudsak bli relatert til studieprogrammet og leggje grunnlaget for fagfeltet.

Teknisk spesialisering: 50–70 studiepoeng som gir ei tydeleg retning innan eige fagfelt, og som byggjer på ingeniørfagleg basis og programfagleg basis. Dette skal i hovudsak bli relatert til studieretninga og leggje grunnlaget for fagområdet.

Valgfri emne: 20–30 studiepoeng som bidreg til vidare fagleg spesialisering, anten i breidda eller djupna.

Bacheloroppgåva inngår i teknisk spesialisering med 20 studiepoeng. Oppgåva skal vere forankra i reelle problemstillingar frå samfunns- og næringsliv eller forskings- og utviklingsarbeid og bidra til innføring i vitskapsteori og metode.

Valemna ligg vanlegvis i 5. semester og vi gjer atterhald for oppstart av valemne ut fra talet påmeldte studentar og bemanningssituasjonen ved instituttet til ei kvar tid. Det kan tilbydast blokker av valemne/profilemne. 

For ein del av emna vil det vere krav om førkunnskap, då utdanninga er lagt opp slik at emna byggjer på kvarandre utover i studiet.

Tresemesterordninga (TRESS) er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk og fysikk.
Matematikken vert gjennomført som eit sommarkurs i forkant av første semester, saman med studentane som går Y-veg. 
Fysikken vert gjennomført som eit kurs i første semester. 

Oppgraderingskursa gir ikkje studiepoeng, men eksamenane i TRESS-opplegget må vere bestått for å halde fram på studiet.
Innan starten av 2. studieår skal studentane på dette opplegget ha dokumentert det same læringsutbyttet som studentane som kom inn via Samordna opptak