Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, maskin

Kull Hausten 2020

Maskiningeniørstudiet gjev studentane ei spesialisering inn mot jobbar innan undervassteknologi, konstruksjon- og verftsbedrifter og prosessindustri. Oljefunn på stadig djupare vatn har gjort det naudsynt å utvikla stadig meir avansert teknologi for å utvinna olje og gass.

Haugesund er midt i ei klynge av bedrifter som har spesialisert seg innan undervassteknologi. Dette er teknologi som ikkje berre blir brukt i olje- og gassindustrien, men òg i vindmølleparkar offshore og store havbaserte oppdrettsanlegg. Regionen har fleire verft og ingeniørbedrifter som er spesialisert mot offshoreverksemd, eitt av verdas største gassbehandlingsanlegg og avansert aluminiumsindustri.

For å gje studentene spisskompetanse inn mot denne næringa tilbyr høgskulen to fordjupingar på maskiningeniørstudiet: Marin konsturksjonsteknikk og Prosess- og energiteknikk.

Bachelorstudiet i maskin føl https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-05-18-870"> Forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 18.mai 2018 .

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskap om konstruksjon og/eller produksjon, materialar og kunnskap innan heiskapleg system- og produktutvikling. Kandidaten har kunnskap som medvikar til relevant spesialisering, breidde eller djupne.
  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskap i matematikk, naturvitskap, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis desse kan integrerast i problemløysing innan det maskintekniske området.
  • Kandidaten har kunnskap om fagets historie, utvikling og ingeniørens rolle i samfunnet. Kandidaten har kunnskap om konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi.
  • Kandidaten kjenner til forsknings- og utviklingsarbeid, relevant metodikk og arbeidsmåte innan eige fagfelt.
  • Kandidaten kan oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.

 

Ferdigheiter:

  • Kandidaten kan nytta kunnskap i matematikk, fysikk, kjemi og teknologiske emne for å formulera, spesifisera, planleggja og løysa tekniske problem på ein godt grunngjeven og systematisk måte.
  • Kandidaten meistrar utviklingsmetodikk, og kan nytta program for modellering/simulering og kan realisera løysingar og system.
  • Kandidaten kan identifisera, planleggja og gjennomføra prosjekt, eksperiment og simuleringar, samt analysera, tolka og bruke framkomne data, både sjølvstendig og i team.
  • Kandidaten kan finna, vurdera og utnytta teknisk kunnskap på ein kritisk måte innan fagfeltet sitt, og presentera dette både munnleg og skriftleg for å kasta lys over ei problemstilling.
  • Kandidaten kan bidra til nytenking, innovasjon, kvalitetsstyring og entreprenørskap ved utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, systemer og/eller løysingar.

 

Generell kompetanse:

  • Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innanfor eige fagfelt og kan setja desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
  • Kandidaten kan formidla kunnskap innan det maskinttekniske området både skriftleg og munnleg til ulike målgrupper på norsk og engelsk og kan bidra til å synleggjera teknologiens verdi og konsekvensar.
  • Kandidaten kan reflektera over eigen fagleg utøving, òg i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpasse denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kandidaten kan medvirka til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innenfor fagfeltet og dela kunnskapane og erfaringane sine med andre.

 

 

Innhald

Studiet er 3-årig og kvalifiserar til ein bachelorgrad. Vi tilbyr to studieretningar på maskinlinja: Prosess- og energiteknikk, og Marin konstruksjonsteknikk.

Studiet er tilpassa morgondagens behov og utfordringar. Med basis i maskinfag, vert spesialiseringa retta mot den maritime næringa gjennom emne som undervassteknologi, konstruksjonsteknikk, prosessteknikk og distribusjon/bruk av naturgass.

Vi tek konsekvensen av at innan få år vil Noreg gå frå å vera ein oljenasjon til ein gassnasjon, og at utbygginga av olje- og gassfelt i framtida vil skje under vatn.

Oppstart av valemne i utdanninga avheng av talet påmelde studentar og bemanningssituasjonen til avdelinga til ei kvar tid.

Arbeidsformer

Arbeids- og undervisningsformer: Arbeidsformene for å formidla faget er varierte og skal invitera studentane til aktivitet og sjølvstendig tenking. Førelesingar, oppgåveløysing i grupper og problembasert læring er dei mest vanlege. Gruppearbeid er den dominerande arbeidsforma til studentane i tillegg til individuell lesing. Det vert lagt ned mykje arbeid i førebuingar frå fagpersonalets side og det vert difor forventa at studentane møter budd til undervisninga.

Praksis: Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis.

FoU-basering: Ei forskingsbasert og analytisk tilnærming til emna dominerar undervisninga i emna som inngår i studiet. Det inneber at undervisninga avspeglar ein forskingsbasert måte å nærma seg problemstillingar og faglege tema på. Fagtilsette som driv forsking skal formidla kunnskapen sin til studentane, det gjeld både forskingstema, bruk av teori og forskingsmetode. Dei skal òg rettleie studentar som arbeider med bacheloroppgåver. Studentane skal sjølv lære å søkje relevant forskingslitteratur og bruke forskingsbasert kunnskap i arbeida sine.

Vurderingsformer

Ved utdanninga er det lagt opp til varierte vurderingsformer i de ulike emna. Vurderingsordninga i eit emne kan til dømes vere i form av skriftleg skuleeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, prosjekt eller heimeeksamen. Eit emne kan òg ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer vert kombinert, til dømes skriftleg eksamen og mappeeksamen. I mange av emna er det arbeidskrav, som er oppgåver/aktivitetar/arbeid som ikkje tel på den endelege karakteren, men som må vere godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

Informasjon om vurderingsordninga går fram av emneskildringa til kvart enkelt emne og vert gjennomgått av emneansvarleg ved semesterstart. Sjå elles forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet for nærare detaljar.

Internasjonalisering

Høgskulen legg til rette for at alle studentar skal kunne ta 1-2 semester av utdanninga si utanfor Noregs grenser. Det er fleire avtalar innan EU-programma Sokrates/Erasmus og Leonardo da Vinci. Du kan lese meir om HVL Haugesunds utvekslingstilbod her.

De fleste emna blir undervist på norsk, mens mykje av litteraturen er på engelsk. Spesielt i 5. semester kan det førekome at emne blir undervist på engelsk for at studenter frå andre land skal ha høve til innveksling, samstundes som dette er eit ledd i internasjonaliseringa for dei av studentene våre som ikke vel å reise på utveksling.

Organisering

Utdanninga er treårig og kvart studieår er inndelt i to semester. Kvart semester tek studenten normalt 3 til 4 emne, som samla vert 30 studiepoeng.

Studiet er et fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt for deltid.  Undervisninga føregår primært mellom kl 08:00 og 16:00, men undervisning på ettermiddagen kan førekome. Studenten må rekna med å bruka i snitt minimum 40 timar effektiv arbeidstid per veke på studiet. Nokre studentar vil ha behov for å bruka meir tid.

Bachelorprogrammet føl Rammeplan for ingeniørutdanning og emna er fordelt i følgjande kategoriar:

Ingeniørfaglig basis: 30 studiepoeng med grunnleggjande matematikk, ingeniørfagleg systemtenking og innføring i ingeniørfagleg yrkesutøving og arbeidsmetodar. Dette skal i hovudsak bli relatert til ingeniørutdanninga og leggje grunnlaget for ingeniørfaget.

Programfaglig basis: 50–70 studiepoeng med tekniske fag, realfag og samfunnsfag. Dette skal i hovudsak bli relatert til studieprogrammet og leggje grunnlaget for fagfeltet.

Teknisk spesialisering: 50–70 studiepoeng som gir ei tydeleg retning innan eige fagfelt, og som byggjer på ingeniørfagleg basis og programfagleg basis. Dette skal i hovudsak bli relatert til studieretninga og leggje grunnlaget for fagområdet.

Valgfri emne: 20–30 studiepoeng som bidreg til vidare fagleg spesialisering, anten i breidda eller djupna.

Bacheloroppgåva inngår i teknisk spesialisering med 20 studiepoeng. Oppgåva skal vere forankra i reelle problemstillingar frå samfunns- og næringsliv eller forskings- og utviklingsarbeid og bidra til innføring i vitskapsteori og metode.

Valemna ligg vanlegvis i 5. semester og vi gjer atterhald for oppstart av valemne ut fra talet påmeldte studentar og bemanningssituasjonen ved instituttet til ei kvar tid. Det kan tilbydast blokker av valemne/profilemne. 

For ein del av emna vil det vere krav om førkunnskap, då utdanninga er lagt opp slik at emna byggjer på kvarandre utover i studiet.

Tresemesterordninga (TRESS) er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk og fysikk. Matematikken vert gjennomført som eit sommarkurs i forkant av første semester, saman med studentane som går Y-veg. Fysikken vert gjennomført som eit kurs i første semester. 

Oppgraderingskursa gir ikkje studiepoeng, men eksamenane i TRESS-opplegget må vere bestått for å halde fram på studiet. Innan starten av 2. studieår skal studentane på dette opplegget ha dokumentert det same læringsutbyttet som studentane som kom inn via Samordna opptak.