Begynneropplæring 1 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning Høsten 2020

Innhaldet i studiet rettar seg fortrinnsvis mot undervising på 1.-4. trinn. Studiet legg vekt på nyare forsking omkring undervisinga for dei lågaste trinna i barneskulen og legg særleg vekt på norsk og matematikk.

Studietilbodet Begynnaropplæring 1 (30 sp) gir vidareutdanning til lærarar i barneskulen.

Målgruppa er lærarar med lærarutdanning, eller barnehagelærarar med godkjent vidareutdanning for undervisning på 1.- 4.-trinn (for eksempel GLSM/PAPS).

Studiet kan vere eit ledd i kvalifisering til Master i begynnaropplæring.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Undervisningsmåter

Begynnaropplæring 1 består av to emne, kvar av dei på 15 studiepoeng, med eksamen om hausten og våren.

  • Emne 1: Munnleg eksamen, desember
  • Emne 2: Skriftleg eksamen, mai/juni 

Emne 1 inneheld matematikkfaglege og norskfaglege tema som samla gir grundig innføring i arbeidet med den første lese-, skrive- og matematikkopplæringa i skulen. Sentralt i kurset, er munnlege dugleikar. Vi prøver ut aktive læringsformer basert på nyare forsking om barns læring, som t.d. fagsamtalar og bruk av utvalte læremiddel i matematikk og norsk.

Overgangen frå barnehage til skule har også ein sentral plass i emne 1. Læreplanane i barnehage og skule vil danne utgangspunkt for analyse og diskusjon om læringsmål, metodar og arbeidsformer i begynnaropplæringa.

Emne 2 inneheld meir om vidare arbeid med matematikk- og norskfaglege emne med dei yngste elevane på barnetrinnet. Det vil bli lagt vekt på kva som kjenneteiknar god lese-, skrive- og matematikkopplæring i høve til nyare forsking innan feltet. I studiet får du lære om korleis god opplæring verkar førebyggjande på lese- skrive- og matematikkvanskar og kan få alle elevar til å kjenne seg kompetente og vere ein ressurs, uansett språkleg og kulturell bakgrunn.

Vurdering for læring vil stå sentralt i alle faglege tema i Emne 2. Vi arbeider med korleis ein kan leggje til rette for motivasjon og engasjement og fokuserer på barns kvardag i ei stadig meir digitalisert verd.

 

Generelt om studiet
Studiet er praksisretta ved at studentane si eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med praksis. Målet med utdanninga er at studenten skal bli ein viktig ressurs for god begynnaropplæring på eigen skule. 

Begynnaropplæring 1 er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Studiestøttesystemet er Canvas.

Timeplan

Med atterhald om endringer på grunn av Korona.
Studentar vil bli orientert om undervisningstidspunkt før studiestart.

 

Studiet er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Studiestøttesystemet er Canvas.

Studiet har tre samlingar i Bergen kvart semester, alle over to dagar.Torsdager kl. 09:15-16:00 og fredager 08:15-15:00.

Samlingar og eksamen 2020/2021, med forbehold om endringer på grunn av Korona.:

  • 3. og 4. september
  • 15. og 16. oktober
  • 12. og 13. november
  • Eksamen veke 50
  • 21. og 22. januar
  • 11. og 12. mars
  • 22. og 23. april
  • Eksamen ca. 20. mai