Andrespråkspedagogikk

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Andrespråkspedagogikk rettar seg mot lærarar i grunnskulen. Fokuset i studiet er på lærararbeid med elevar som ikkje har norsk som morsmål og som har hatt relativ kort skulegang til no i Noreg.

Andrespråkspedagogikk består av to 15-studiepoengsemne

  1. Andrespråkspedagogikk 1
  2. Andrespråkspedagogikk 2 (fordjuping)

Studiet dekker tema som

  • tospråklegheit og andrespråkslæring, mellomspråk og mellomspråkutvikling
  • fleirkulturell undervisning og skule
  • lese- og skriveopplæring for minoritetselevar, grunnleggande ferdigheiter
  • norsk språk i komparativt perspektiv
  • arbeid med munnleg norsk og munnlege sjangrar når norsk er andrespråket
  • utvikling av ordtilfang og lesing av fagtekstar
  • litteraturundervisning og litterær samtale når norsk er andrespråket

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar per semester. Læringsplattforma er Canvas. Samlingane er lagt til Høgskulen på Vestlandet i Bergen og vil gå over 2-3 dagar.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.

Samlingar for 2020-kullet

Andrespråkspedagogikk 1, H20

  • Onsdag 2.9.2020 (kl. 14.15 – 19.00), torsdag 3.9. (08.15 – 15.00), fredag 4.9. (08.15 – 15.00)
  • Onsdag 14.10.2020 (kl. 14.15 – 19.00), torsdag 15.10. (08.15 – 15.00), fredag 16.10 (08.15 – 15.00)
  • Torsdag 26.11.2020 (kl. 14.15 – 19.00), fredag 27.11. (08.15 – 15.00)

Andrespråkspedagogikk 2, V21

  • Torsdag 14.1.2021 (kl. 14.15 – 19.00), fredag 15.1. (08.15 – 15.00)
  • Onsdag 10.3.2021 (kl. 14.15 – 19.00), torsdag 11.3. (08.15 – 15.00), fredag 12.3. (08.15 – 15.00)
  • Torsdag 29.4.2021 (kl. 14.15 – 19.00), fredag 30.4. (08.15 – 15.00)