Barns språkutvikling og språklæring

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Jobbar du i barnehage, og vil lære meir om korleis du kan stimulere barn si språkutvikling? I dette studiet lærer du om barns språklege utvikling og om språkstimulering gjennom leik, høgtlesing og samtale. Vi har eit særleg fokus på barn som strevar med språkutviklinga og barn med norsk som andrespråk

Gjennom studiet lærer du om:

  • språkutvikling og fleirspråkleg utvikling hjå barn
  • barn med språk- og kommunikasjonsvanskar i barnehagen
  • kartlegging og observasjon av barns språkutvikling og barnehagens språkmiljø
  • språkstimulering

Studiet er et tilbud innen Utdanningsdirektoratet (Udir) sin satsing Kompetanse for framtidens barnehage. Du kan søke om tilretteleggingsidler gjennom Udir.

Undervisningsmåtar

Studiet er heilt nettbasert. Mellom nettsamlingane arbeider du i ei nettbaserte studiegruppe og med sjølvstudium.

Det er fire arbeidskrav i løpet av året. Dei er knytt til utvikling av eigen praksis, fagtekst om språkvanskar og eit digitalt arbeidskrav om fleirspråkleg utvikling.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.
Studentar vil få stadfesta tidspunkt før studiestart.

Nettsamlingar hausten 2020
Tysdagar kl 14.00-16.00:
25.08, 08.09, 15.09, 22.09, 13.10, 27.10, 03.11, 10.11, 17.11, 02.12

Nettsamlingar våren 2021
Tysdagar kl 14.00-16.00:
05.01, 19.01, 26.01, 02.03, 09.03, 16.03, 23.03, 13.04, 20.04, 27.04

FoU-arbeid i veke 5-8