Engelsk 1 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Kurset gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk. Du får kunnskap om korleis språket er bygd opp, og bruk av ulike tekstar på barnetrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse står sentralt.

Engelsk 1 for 1.-7. trinn består av to emne. Vidareutdanninga gir innføring i engelskundervisning for 1.-7. trinn, og kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Digitale pedagogiske verktøy blir tatt i bruk i studiet, og du skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der du reflekterer over eigen praksis. Du skal dele kunnskap med kollegaer og minst ein frå leiinga.

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet i Bergen.

Canvas brukast som kommunikasjonssystem og brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York, men turen er ikkje obligatorisk.

Eksamen
Emne 1 har mappeeksamen i desember, og emne 2 har deleksamen, med ein skriftleg skuleeksamen og ein skriftleg oppgåve.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.
Studentar vil bli orientert om undervisningstidspunkt før studiestart.

Gruppe 1

  • Veke 36: 3. og 4. september
  • Veke 40: 1. og 2. oktober
  • Veke 45: 5. og 6. november
  • Veke 3, 7 og 14 i 2021

Gruppe 2

  • Veke 37: 10. og 11. september
  • Veke 42: 15. og 16. oktober
  • Veke 46: 12. og 13. november
  • Veke 4, 11 og 17 i 2021

Gruppe 3

  • Veke 37: 10. og 11. september
  • Veke 42: 15. og 16. oktober
  • Veke 46. 12. og 13. november
  • Veke 3, 7 og 12 i 2021