Studieplan - Engelsk 2, 1.-7. trinn

Kull Hausten 2020

Engelsk 2 for 1.-7. trinn fokuserar på utvikling av elevane sin munnlege og skriftlege kompetanse, tekstkunnskap og grunnleggande ferdigheiter i engelskfaget.

Studiet er delt i to emne med tema som språk og kultur med didaktikk, språkvariantar, språkanalyse, skjønnlitteratur i kulturell kontekst, intonasjon, komplekse grammatiske strukturar, litteratur frå engelskspråklege land. Du skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der du reflekterer over eigen praksis. Du skal òg kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga. Gjennom eit wiki Storyline-prosjekt får du tatt i bruk IKT-ferdigheiter.

Studiet er nett- og samlingsbasert med 3 samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet i Bergen.

Canvas er kommunikasjonssystemet som brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.