Engelsk 1 5.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Engelsk 1 for 5.-10. trinn gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk i eit rikt og variert utval av tekstar til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt.

Engelsk 1 for 5.-10. trinn består av to emne. Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Undervisningsform
Digitale pedagogiske verktøy blir tatt i bruk i studiet. Du skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der du reflekterer over eigen praksis, og skal òg kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga.

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet i Bergen.

Canvas er kommunikasjonssystemet som brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York, men turen er ikkje obligatorisk.

Eksamen
Emne 1 har munnleg eksamen i desember, og emne 2 har deleksamen, med ein skriftleg skuleeksamen og ein skriftleg oppgåve.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.
Studentar vil bli orientert om undervisningstidspunkt før studiestart.

  • Veke 36: 3. og 4. september
  • Veke 40: 1. og 2. oktober
  • Veke 46: 12. og 13. november
  • Veke 3 i 2021
  • Veke 7 i 2021
  • Veke 12 i 2021