Mat og helse 1 1.–10. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Mat og helse 1 er eit vidareutdanningstilbod for lærarar i heile grunnskulen. Her får du ei innføring i faget sin helsefremjande, miljømessige og kulturelle dimensjon.

Formål
Du tileignar deg kunnskapar og ferdigheiter som gjer barn og unge i stand til å gjere helsefremjande og førebyggande kosthaldsval, gjer barn og unge i stand til å opptre som ansvarlege forbrukarar på matområdet og gjer dei forståing for den kulturelle betydninga mat og måltid har for enkeltindivid og samfunn.

Studie består av to emne, 15 + 15 sp.

  • Emne 1: Mat i et læringsperspektiv
  • Emne 2: Mat i et helseperspektiv

Emne 1 gjev ein innføring i matvaregrupper, tilverking av mat, sensorikk og på mat og måltid si tyding for utjamning av sosial ulikheit i helse.

Emne 2 fokuserer særleg på den helsemessige dimensjon av mat og måltidet. Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer barn og unge i stand til å foreta helsefremjande og førebyggjande kosthaldsval.

Vurderingsformer
Vurdering: emne 1- praktisk muntlig vurdering,.emne 2 - skriftlig vurdering. Begge med karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Videre info
Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Timeplan

Med forbehold om endringer på grunn av Korona.
Studenter vil bli orientert om undervisningstidspunkt før studiestart.

Hausten 2020

  1. samling: 3.–4. september
  2. samling: 15.–16. oktober
  3. samling: 26.–27.november

Våren 2021

  1. samling: 21.–22. januar 
  2. samling: 18.–19. mars 
  3. samling: 22.–23. april