Studieplan - Matematikk 1, 1.-7. trinn

Kull Hausten 2020

Studiet er tilrettelagt for lærarar som underviser på barnetrinnet. Formålet er å utvikle lærarane sitt faglege grunnlag for matematikkundervisning i barneskulen. Det vil seie å forstå, vurdere, beskrive og legge til rette for elevane sine læringsprosessar og kunnskapsutvikling i matematikkfaget.

 

Matematikk 1 består av to emne der deltakarane skal få utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning frå 1. trinn - 7. trinn etter læreplanar og relevant forsking. Studentane skal kunne analysere eiga læring, eige forhold til matematikk og eiga undervisning. Studiet har ei sterk praksisfastankring, med forsking som gjennomgåande tema.

 

Matematikk 1 er nett- og samlingsbasert med to dagars samlingar tre gongar per semester. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

 

Læringsplattforma Canvas brukast til å legge ut leksjonar og arbeidsoppgåver mellom samlingane. Det er forventa at deltakarane er aktive på læringsplattforma.