Naturfag 1 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Kunnskap om naturfag er viktig for å forstå omgjevnadene våre, og for å legge til rette for ei berekraftig utvikling. Denne vidareutdanninga passer for lærarar som vil undervise i naturfag i grunnskulen.

Vidareutdanningskurset Naturfag 1 vil vektlegge ei konkret og praktisk tilnærming til grunnskulen si naturfagundervisning. Gjennom utprøving av ulike arbeidsmåtar og diskusjon, blir deltakarane inviterte til å utvikle sin eigen, og skulen sin praksis.

Naturfag 1 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1.- 7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Studiet er delt i to emne. Emne 1 undervisast om hausten og emne 2 undervisast om våren. Kvart emne består av 3 samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane skjer i tidsrommet kl. 09.00-16.00. Kvart emne avsluttast med ein skriftleg eksamen, ein i desember og ein i juni.

Naturfag 1 behandlar fagstoff frå alle hovudområda i læreplan for grunnskulen sitt 1.-7. årstrinn. Kurset legg vekt på medvite og målretta oppøving av dei grunnleggande ferdigheitene, slik dei er skildra i rammeverket. Kompetansemål som inngår i hovudområdet forskarspira, blir behandla i tilknyting til dei andre hovudområda.

Samlingsform
Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane. Canvas er høgskulen sitt studiestøttesystem.

Videre info
Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.
Studentar vil bli orientert om tidspunkt før studiestart.

2020-kullet hausten 2020 (emne 1 NAB801):

  • Samling 1: 2., 3. og 4. september 2020
  • Samling 2: 1. og 2. oktober 2020
  • Samling 3: 29. og 30. oktober 2020
  • Eksamen: Desember

2020-kullet våren 2021 (emne 2 NAB802):

  • Samling 1: 21. og 22. januar 2021
  • Samling 2: 24., 25. og 26. februar 2021
  • Samling 3: 15. og 16. april 2021
  • Eksamen: Mai/juni

Undervisning kl. 09.00-16.00 hver dag.