Studieplan - Naturfag 1, 1.-7. trinn

Kull Hausten 2020

Vidareutdanningskurset Naturfag 1 vil vektlegge ei konkret og praktisk tilnærming til grunnskulen si naturfagundervisning. Gjennom utprøving av ulike arbeidsmåtar og diskusjon, blir deltakarane inviterte til å utvikle sin eigen, og skulen sin praksis.

Naturfag 1 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1.- 7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Studiet er delt i to emne. Emne 1 undervisast om hausten og emne 2 undervisast om våren. Kvart emne består av 3 samlingar og gir 15 studiepoeng.

Naturfag 1 behandlar fagstoff frå alle hovudområda i læreplan for grunnskulen sitt 1.-7. årstrinn. Kurset legg vekt på medvite og målretta oppøving av dei grunnleggande ferdigheitene, slik dei er skildra i rammeverket. Kompetansemål som inngår i hovudområdet forskarspira, blir behandla i tilknyting til dei andre hovudområda.

Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar.