Norsk 1 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Dette studietilbodet gir grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg fortrinnsvis mot undervisning på barnetrinnet.

Norsk 1 består av to emne:

  • Emne 1 Begynnaropplæring, 15 studiepoeng (haust)
  • Emne 2 Opplæring på mellomtrinnet, 15 studiepoeng (vår)

Emne 1 er retta inn mot undervisning i norsk på dei fire lågaste klassetrinna i grunnskulen. Undervisning i lesing, skriving og munnleg bruk av språket står heilt sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Dei skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 1. til 4. trinn, få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Emne 2 har fokus på undervisning i norsk på mellomtrinnet i grunnskulen. Undervisning i vidareutvikling av lese- og skriveferdigheitene og munnleg bruk av språket står sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Dei skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 5. til 7. trinn, få kjennskap til korleis praktisk-estetiske arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Studiet er praksisretta ved at studentane si eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med praksis.

Studieform
Norsk 1 er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet. Studiestøttesystemet er Canvas.

Videre info
Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Timeplan

Samlingsdatoar 2020/2021, med atterhald om endringar på grunn av Korona. Studentar vil bli orientert om tidspunkt før studiestart.

Mandager 09:15-16:00
Tirsdager 08:15-15:00

Høsten 2020

  • 24. og 25. august
  • 12. og 13. oktober
  • 16. og 17. november

Våren 2021

  • 25. og 26. januar
  • 15. og 16. mars
  • 26. og 27. april