Norsk 1 5.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Studietilbodet Norsk 1 for 5. 10. trinn (30 sp) gir grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg fortrinnsvis mot undervisning på mellomtrinnet og ungdomstrinnet.

Målgruppa er lærarar med mindre enn 30 studiepoeng norsk i utdanninga.

Norsk 1 består av to emne

  • Emne 1: Tekstkunnskap, 15 studiepoeng (haust)
  • Emne 2: Språkkunnskap, 15 studiepoeng (vår)


I emne 1 står tekstlesing og tekstteori sentralt. Tekstane er henta frå ulike sjangrar og medium (munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og fagtekstar), og dei vil bli knytte til litteraturteori. Vekta ligg på tekstar frå vår eiga samtid, retta mot barne- og ungdomslesarar, men det vil også vere innslag av historiske tekstar og tekstar for vaksne. Eit hovudperspektiv til vere korleis ein kan arbeide med slike tekstar i klasserommet.

I emne 2 står norsk grammatikk sentralt. Kurset vil gi ei systematisk innføring i norsk lydlære, ordlære, setningslære og tekstlære. Desse språknivåa blir kopla tett til arbeid med elevtekstar.

Studieform
Studiet er praksisretta ved at studentane si eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med praksis.

Norsk 1 er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet, Bergen. Studiestøttesystemet er Canvas.

Vurderingsformer

  • Emne 1: Heimeeksamen (7 dagar), januar
  • Emne 2: Vurderingsmappe, juni


Videre info
Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.
Studentar vil bli orientert om tidspunkt før studiestart.

Torsdager 10:00-16:00
Fredager 09:00-15:00

Samlingsdatoar hausten 2020 (NOU801):

  • 27-28/8
  • 15-16/10
  • 26-27/11

Samlingsdatoar våren 2021 (NOU802):

  • 28-29/1
  • 18-19/3
  • 29-30/4