Norsk tegnspråk 1 1.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning Høsten 2020

Norsk teiknspråk 1 består av to emne som fokuserer på norsk teiknspråk, samt døve sin kultur og historie. Studiet er retta mot lærarar på 1.-10.trinn

I løpet av studiet skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap, ferdigheiter og kompetanse i norsk teiknspråk slik at dei kan forstå og sjølv delta i enkle samtalar om hendingar i kvardagen. Studentane skal også tileigne seg kunnskapar om døve sin historie og kultur, samt teiknspråket sin plass i skulen.

Norsk teiknspråk som fag i skulen skal fremme ei fleirkulturell forståing og praksis, og bidra til at døve og tunghøyrte blir funksjonelt tospråklege og tokulturelle. Analyse av og arbeid med læreplanar vil derfor vere ein del av studiet. Deltakarane sin yrkespraksis vil bli trekt inn som refleksjonsgrunnlag i undervisninga.

Undervisning
Norsk teiknspråk 1 er eit nett- og samlingsbasert studium med 3 samlingar per semester á 5 dagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Studiet krev mykje praktisk språktrening og ein stor eigeninnsats av studentane mellom samlingane. Oppgåver vil bli gitt. Det er føresett aktivt bruk av tilvist nettbasert materiale ved sjølvstudium.

Vurderingsformer

  • Emne 1 avsluttast med ein individuell praktisk-munnleg eksamen i slutten av haustsemesteret.
  • Emne 2 avsluttast med ein praktisk-munnleg eksamen i slutten av vårsemesteret.


Videre info
Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.

Studentar bli orientert om klokkeslett før skolestart.

 

Samlingsdatoer høst 2020:
uke 36:24. – 28. august, uke 42: 12. – 16. oktober og uke 48: 23. -27. november

Samlingsdatoer vår 2021:
uke 4: 25. – 29. januar, Uke 12: 22. -26. mars og uke 18: 3. – 7. mai.

Timeplan
Mandag kl. 11:15- 14:00
Tirsdag  kl. 08:15 -14:00
Onsdag  kl. 08:15 -14:00
Torsdag kl. 08:15 -14:00
Fredag  kl.  08:15 -14:00

Eksamen gjennomføres uke 48 og 18.