Studieplan - Norsk teiknspråk 1, 1.-10. trinn

Kull Hausten 2020

Norsk teiknspråk 1 består av to emne som fokuserer på norsk teiknspråk, samt døve sin kultur og historie. Studiet er retta mot lærarar på 1.-10.trinn.

I løpet av studiet skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap, ferdigheiter og kompetanse i norsk teiknspråk slik at dei kan forstå og sjølv delta i enkle samtalar om hendingar i kvardagen. Studentane skal også tileigne seg kunnskapar om døve sin historie og kultur, samt teiknspråket sin plass i skulen.

Norsk teiknspråk som fag i skulen skal fremme ei fleirkulturell forståing og praksis, og bidra til at døve og tunghøyrte blir funksjonelt tospråklege og tokulturelle. Analyse av og arbeid med læreplanar vil derfor vere ein del av studiet. Deltakarane sin yrkespraksis vil bli trekt inn som refleksjonsgrunnlag i undervisninga.

Norsk teiknspråk 1 er eit nett- og samlingsbasert studium med 3 samlingar per semester á 5 dagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Studiet krev mykje praktisk språktrening og ein stor eigeninnsats av studentane mellom samlingane. Oppgåver vil bli gitt. Det er føresett aktivt bruk av tilvist nettbasert materiale ved sjølvstudium.