Spesialpedagogikk

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Jobbar du i barnehage, og vil lære meir om barn med språklege og sosiale utfordringar? I dette studiet lærer du om språkvanskar og psykososiale vanskar, og om korleis du kan tilrettelegge for eit godt psykososialt og språkleg miljø i barnehagen. Vi har eit særleg fokus på inkludering og tidleg innsats

Gjennom studiet lærer du om

  • spesialpedagogiske perspektiv og lovverk
  • barn med språk- og kommunikasjonsvanskar i barnehagen
  • psykososiale vanskar i barnehagealder
  • kartlegging og observasjon av enkeltbarn og barnehagens læringsmiljø

Studiet er et tilbud innen Utdanningsdirektoratet (Udir) sin satsing Kompetanse for framtidens barnehage. Du kan søke om tilretteleggingsidler gjennom Udir.

Undervisningsmåtar

Studiet er delvis samlings- og nettbasert. Det er to tre-dagars samlingar og fire nettsamlingar i kvart semester. Mellom samlingane arbeider du i ei nettbaserte studiegruppe og med sjølvstudium.

Arbeidskrava er knytt til utvikling av eigen praksis, fagtekst om språkvanskar og eit digitalt arbeidskrav om psykososiale vanskar.

Timeplan

Med forbehold om endringer på grunn av Korona.
Studenter vil få bekreftet tidspunkt før studiestart.

Fysiske samlingar i Bergen hausten 2020
31. august-2. september, 23.-25. november

Fysiske samlingar i Bergen våren 2021
11.-13. januar, 19.-21- april.

Nettsamling måndagar
14. sept., 20. sept., 12., okt., 26. okt, 25. jan., 2. feb., 8. mars, 22. mars

FoU-arbeid veke 6-9