Studieplan - Bachelor i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Kull Hausten 2020

Bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur gjev ei tverrfagleg utdanning som kombinerer planleggingsrelevante naturfaglege emne med yrkesretta planleggings- og forvaltningsemne inkludert landskapsarkitekturfag. I det tredje året skal studentane skrive ei bacheloroppgåve basert på resultat frå eigne undersøkingar av aktuelle problemstillingar innan areal- eller landskapsplanlegging, kulturlandskapskjøtsel, grøntplanlegging/ landskapsarkitektur,  kulturminneforvaltning eller vegetasjonsøkologi.

Det 3-årige bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur ved HVL, Campus Sogndal er både ei sjølvstendig yrkesutdanning og eit grunnlag for opptak på masterprogrammet i Climate Change Management ved HVL. Bachelorprogrammet gjev også grunnlag for masterpåbygging i fysisk planlegging og ein del andre fagretningar ved andre høgskular og universitet i Noreg.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Ha kunnskap om dei viktigaste sidene ved landskaps- og arealplanlegging, kjenne til korleis planprosessar føregår, og vite korleis ein nyttar plan- og bygningslova i fysisk planlegging.
  • Ha kunnskap om eigenskapane til landskapet sett i ulike skalaer, korleis dei ulike landskapa utgjer ein heilskap, og korleis endringar vil påverke heilskapen.
  • Ha kunnskap om korleis ein utformar grøntareal i rurale og urbane område med bruk av hageplanter og naturleg vegetasjon.
  • Ha kunnskap om dei viktigaste økologiske prosessane i landskapet med særleg vekt på landskaps- og vegetasjonsøkologi.
  • Ha kunnskap om forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap og korleis ein kan sikre det biologiske mangfaldet i kulturlandskapet.
  • Ha kunnskap om kulturminne og lovgrunnlaget for vern og forvaltning av kulturminner.

Ferdigheiter

  • Kunne anvende digitale verktøy slik som geografiske informasjonssystem (GIS) i landskapsplanlegging.
  • Kunne utføre statistiske analyser.
  • Kunne utføre landskapsanalyser.
  • Kunne vurdere landskapsinngrep og korleis dei påverkar økologiske prosessar og estetiske verdiar i landskapet.
  • Kunne utføre risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS analyse) og konsekvensanalysar.
  • Ha innsikt i det juridiske grunnlaget for fysisk planlegging og kunne anvende lovgrunnlaget i plansamanheng.
  • Kunne referere og sitere relevant litteratur på korrekt måte, og være kritisk til kjelder.
  • Kunne meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.

 

Kompetanse

  • Kan gjennomføre landskapsplanlegging for offentleg og privat sektor forankra i eit breitt miljøfagleg kunnskapsgrunnlag og basert på god innsikt i landskapsarkitektur.

Innhald

Bachelorprogrammet er bygd opp med emne på 10 studiepoeng og ei bacheloroppgåve på 20 studiepoeng. Dei fleste emna vert undervist i blokk over ein periode på 6-7 veker, med sluttvurdering etter avslutta undervisning før neste emne tek til. Kvart semester inneheld emne på til saman 30 studiepoeng. Nærare omtale av dei einskilde emna er å finne under emneomtalane.

Arbeidsformer

Dei naturfaglege emna inneheld ekskursjonar, laboratorieøvingar og / eller feltarbeid i tillegg til førelesingar. Dei planfaglege emna inneheld prosjektoppgåver som er individuelle arbeid eller gruppearbeid. Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale for kost. Nærare omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Vurderingsformer

Fleire emne har obligatoriske arbeidskrav enten i form av laboratorieøvingar, feltarbeid, ekskursjonar eller skriftlege oppgåver, delvis i kombinasjon med munnlege presentasjonar. Godkjende arbeidskrav er eit vilkår for å framstilla seg til eksamen i dei aktuelle emna. Emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.

Vurderingsordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i fjerde semester. Institutt for Miljø- og Naturvitskap (IMN) har samarbeidsavtaler for studentutveksling med universitet og høgskular i fleire land. Emnevalet skal førehandsgodkjennast av HVL.