Innovasjon og entreprenørskap

Master Hausten 2020

Ønskjer du å bidra til innovasjon i bedrifter og fornying av næringsliv? Er du oppteken av berekraft, grønt skifte og nye teknologiske løysingar? Eller ønskjer du kanskje å utvikle di eiga verksemd?

Masterprogrammet i innovasjon og entreprenørskap gir deg teoretisk og analytisk innsikt i korleis du kan bidra til teknologiutvikling, entreprenørskap, bedriftsutvikling og det grøne skiftet.

Tverrfagleg samarbeid, praksisutplasseringar og konkrete caseoppgåver gir deg innsikt i korleis teoriar og metodar som du har lært i utdanninga er relevante for å jobbe med for eksempel, grøn teknologi, innovasjonsleiing eller bedriftsutvikling. Du lærer å forstå, forbetre og endre teknologi, bedrifter og næringsliv, både teoretisk, analytisk og praktisk.

Programmet er ope for studentar med ingeniør- eller realfagleg utdanning.

Ønskjer du å studere innovasjon og entreprenørskap, men har ikkje høve på grunn av jobb? Ta kontakt, så kan vi saman sjå om vi finn ei løysing som passar for deg.

Gründerkvote

Masterprogrammet har ei kvote for opptak av studentgründarar. Studentane som kvalifiserer til opptak i kvoten (inntil 5 studentar) må dekke dei formelle opptakskrava til studieprogrammet. Søkarar i kvoten vil bli vurderte ut frå eigen motivasjon og kor moden gründeridéen er. Du søker kvoten ved å fyll ut eit eige søknadsskjema i søknadsweb. Studentar som blir vurderte for gründerkvoten vil bli kalla inn til eit intervju i veke 14.

Undervisningsmåtar

Undervisninga i masterprogrammet vekslar mellom førelesingar, gruppeoppgåver, gjesteførelesingar, individuelle innleveringar, refleksjon, presentasjonar, teamarbeid og rettleiing.

I studieprogrammet er det tett kopling mellom teori og praksis. I 2. semester inngår ein periode med utplassering i bedrift, medan du i 3. semester skal arbeide med innovasjonsprosjekt i team. Fagmiljøet har eit tett samarbeid med regionale næringsklynger, teknologioverføringsselskap (VIS), inkubatorar, etablerte bedrifter/organisasjonar, Connect Vest og Makerspace i praksisemna.

I studiet inngår eitt valfag innan teknologi/realfag som bygger på fagområdet ditt frå bachelorgraden.

I det siste semesteret skriv du masteroppgåva. Du vel problemstilling i masteroppgåva innanfor tema som blir undervist i studieprogrammet.

Kva blir du kvalifisert for?

Kandidatar med ein mastergrad i innovasjon og entreprenørskap frå HVL er attraktive på arbeidsmarknaden.
Kandidatar har fått jobb i små og store bedrifter i privat og offentleg sektor. Dei ulike traineeordningane i store etablerte selskap som Equinor, Veidekke, Bane NOR og BKK er populære blant nyutdanna kandidatar. Andre arbeider i konsulentselskap som Capgemini, Knowit, Bouvet, KPMG og PWC. Nokre etablerer også eiga verksemd eller får jobb i inkubatorar og klyngeorganisasjonar. Nokre vel også å gå vidare til Ph.d.-studium.

Utveksling

I andre semester kan du velje eit utanlandsopphald i Houston, gjennom Grunderskolen eller Sør Afrika, Stellenbosch og Pretoria Universitet.

Kor kan du reise?