Jordmorfag

Master Hausten 2020

Jordmorfaget skal gjere deg rusta til å gi kyndig oppfølging av gravide, fødande og barselkvinner, og å fremme helsa til kvinner og nyfødde barn.

Vi tilbyr også jordmorfag som påbygg

Denne utdanninga gir deg høg klinisk kompetanse, slik at du kan medverke i forskings- og utviklingsarbeid. Du får ei utdanning som utfordrar og utviklar kunnskapen om kvinners reproduktive helse.

Undervisningsmåtar

Under studiet møter du varierte læringsformer som gruppearbeid, seminar, forelesing, oppgåveskriving og simulering, samt klinikkundervisning i praksisstudiet. Enkelte teoretisk emne er nettbaserte. Masteroppgåva i jordmorfag skal vere eit sjølvstendig arbeid, der du kan samarbeide og fordjupe deg i eit tema saman med ein medstudent.

Praksis

Studiet er fordelt mellom 40 veker teori og 40 veker praksis. Du har praksis på ulike avdelingar innanfor svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorga. Deler av praksisen vil også skje ved poliklinikkar og nyfødd-avdelingar. Våre praksisplassar er fordelte i Helse Vest.

Utveksling

Utdanninga er med i internasjonale nettverk som gjer at våre studentar kan reise på utveksling til utanlandske institusjonar. Utveksling skjer i andre studieår, og varer frå fire til åtte veker.

Kor kan du reise?