Jordmorfag - påbygg

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Er du jordmor og brenn for å utvikle jordmorpraksisen og fagfeltet?

I dette samlingsbaserte studiet får du kompetansen og ferdigheitene du treng for å bruke forskingsbasert kunnskap, analyse og innovasjon for å vidareutvikle fagfeltet.

Du lærer blant anna om:

  • vitskapsteori og metode
  • jordmorfaglege og forskingsetiske problemstillingar knytt til familien og det nyfødde barnet
  • spesialisert kunnskap om jordmorfaget, helse og tverrfagleg samarbeid
  • korleis planlegge og utøve jordmorfaget ut frå kunnskapsbasert forsking
  • kritisk vurdering om beste praksis knytt til pasienten sine ønskjer og behov

Vi tilbyr også jordmorfag som masterstudium

Undervisningsmåtar

Du får ei variert og studentaktiv undervisning med forelesningar i plenum, digitale ressursar, videokonferansar, diskusjonsforum, studentseminar, gruppearbeid, rettleiing av skriftleg arbeid og sjølvstudium.

Undervisninga føreset at du deltek aktivt med medstudentane dine, både i diskusjonar og ved å kritisk reflektere over samanheng mellom teori og erfaring frå praksis.

Kva blir du kvalifisert for?

Du blir kvalifiserer til å søkje opptak til ph.d.-program, til dømes innan Helse, funksjon og deltaking ved HVL. Du kan også jobbe med:

  • særskilt ansvar for kvinne- og reproduktiv helse i eit livsløpsperspektiv
  • klinisk fagledelse
  • utdanning av jordmødre og anna helsepersonell
  • ledige stillingar i kommune- og spesialisthelsetjenesten
  • kombinerte stillingar innan klinisk arbeid og praksisnært forsknings- og utviklingsarbeid

Timeplan

Samlingar haust 2020 til vinter 2021

Det blir fem samlingar over to dagar, som legg vekt på å skrive masteroppgåva.

31. august - 1. september 2020
Introduksjon, akademisk skriving

18.-19. januar 2021
Prosjektplan (leverast 26.mars 2021)

26.-27. april 2021
Søknader/datainnsamling/metode

30.-31. august 2021
Datainnsamling/analyse

1.-2. november 2021
Analyse/resultat