Matematikk 1 5.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Dette er eit reint nettstudium, og rettar seg mot deg som underviser i matematikk på 5. til 10. trinn i grunnskulen.

Du lærer om

  • geometri, målingar, algebra, funksjonslære, kombinatorikk, sannsynslære og statistikk, med hovudvekt på mellom- og ungdomssteget
  • språk og kommunikasjon i matematikkfaget
  • digitale verktøy for matematikk
  • grunnleggjande ferdigheiter og arbeidsformer i matematikk

Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektor på skulen du er tilsett ved om du kan delta.

Undervisningsmåtar

Dette er eit reint nettstudium, med éi nettsamling á to timar måndagar 14-16:00 kvar veke. Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane. Slik foregår nettsamlingane

Studiet har 9 arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i nettbaserte grupper. Du treng ikkje tilhøyra ei gruppe når du søker.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.

Samlingane vert måndagar klokka 14.00 - 16.00.

Det er obligatorisk oppmøte på samlingane, oppmøte vert registrert. Det vert laga arbeidskrav med utgangspunkt i nettsamlinga.