Læring og undervisning

Master Hausten 2020

Ønskjer du å lære meir om kva som skapar god undervisning og læring? I dette masterstudiet fordjupar du deg i prosessar knytt til læring og undervisning, og du får ei grundigare forståing av det å undervise.

Vi tar opp aktuelle problemstillingar frå skulekvardagen. Du fordjupar deg innan læring, læringsmiljø, didaktikk og fagdidaktikk i norsk, matematikk, samfunnsfag eller kroppsøving.

Dersom det ikkje blir nok søkarar innan kroppsøving og samfunnsfag, blir ikkje desse faga starta opp

Du lærer:

  • om vitskapelege teoriar og metodar som er relevant for læring og undervisning
  • om nyare klasseromsforsking
  • å vurdere og drøfte tilpassa opplæring ut frå eit samfunnsmessig perspektiv
  • korleis bidra til nytenking og innovasjonsprosessar knytt til læring og undervisning

Du kan ta utdanninga på heiltid over to år, eller på deltid over tre eller fire år.

Deltid tre år:

1. år på HEILTID: MAS3-300 Læring i klasserommet haust (15 sp) + MAS3-301 Vitskapsteori og metode vår (15 sp) + Fagfordjuping Norsk3, Matematikk 3, Kroppsøving 3 eller Samfunnsfag 3 (30 sp)

2. år: MAS3-306 Leiing av pedagogisk verksemd haust (15 sp) + MAS3-307 Masteroppgåve i læring og undervisning vår (15 sp)

3. år: MAS3-307 Masteroppgåve i læring og undervisning haust (15 sp) + vår (15 sp)

Deltid fire år:

1. år: Fagfordjuping Norsk 3, Matematikk 3, Kroppsøving 3 eller Samfunnsfag 3 (30 sp)

2. år: MAS3-300 Læring i klasserommet haust (15 sp) + MAS3-301 Vitskapsteori og metode vår (15 sp)

3. år: MAS3-306 Leiing av pedagogisk verksemd haust + oppstart MAS3-307 Masteroppgåve i læring og undervisning vår (totalt 30 sp)

4. år: MAS3-307 Masteroppgåve 30 sp med innlevering haust eller vår

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, gruppearbeid, casedrøftingar og prosjektarbeid. Studiet er samlingsbasert, med rundt 5 samlingar á 2-3 dagar per semester.

Mellom samlingane har vi nettsamlingar der vi brukar nettkonferanseverktøyet Adobe Connect. Slik foregår nettsamlingane

Vil du studere meir?

Utdanninga gir grunnlag for opptak til forskarutdanning/doktorgrad.

Oppstart

Oppstartssamling i veke 35:

Måndag 24.08.:

08:15–11:00 i Bragebygget Hild 1 og Hild 2

11:15–15:00 i Bragebygget Saga/Siv

Tysdag 25.08.:

08:15–11:00 i Bragebygget Hild 1 og Hild 2
11:15–15:00 i Bragebygget Saga/Siv