Produksjonsteknikk

Bachelor Hausten 2020

Produksjonsteknikk gir tverrfagleg kompetanse innan teknologi, verdiskaping og administrasjon. Ein ingeniør med denne utdanninga kan bidra til å utvikle, tilpasse og innføre både tekniske og administrative løysingar i takt med skiftande tilhøve i og utanfor verksemda.

Produksjonsingeniøren har ei viktig rolle for at arbeidsplassen heng med på utviklinga. Innan produksjonsteknikk får studenten høve til å heve blikket og ikkje berre sjå på teknikk og detaljar, men óg på dei overordna kringliggande prosessane som til dømes logistikk og leiing.
Om du vel produksjonsteknikk, får du både kommersiell og teknologisk ballast. Utdanninga legg vekt på maskintekniske fag, produksjon og tilverknad, prosjektleiing, innovasjon og produktutvikling, marknadsføring, logistikk, innkjøp og vedlikehald.
Utdanninga har eit nært samarbeid med industrien i regionen. Vestlandet er den mest industritunge regionen i Noreg, med eit kontinuerleg behov for dyktige ingeniørar.

Undervisningsmåtar

Den raske utviklinga av ingeniøren sine arbeidsverktøy pregar utdanninga. Som student får du ta i bruk ulike dataverktøy.

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå emne til emne. Det er førelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppe- og laboratoriearbeid er det obligatorisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ynskjer det. Du kan mellom anna reise på utveksling til ulike institusjonar i Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand.

Kor kan du reise?

Sjå glimt frå utdanninga!