Musikk

Årsstudium Hausten 2020

Eit årsstudium i musikk er ein mulighet for utvikling av di musikkinteresse, uansett kva musikalsk bakgrunn du har. Du får mellom anna undervisning og eigenutvikling på eit sjølvvalt hovudinstrument, mulighet til å utvikle deg i samspel, musikkformidling og skapande arbeid.

Årsstudiet i musikk inneheld også innføring i teoretiske sider ved faget. Eit årsstudium i musikk passar for deg som ynskjer å få eit ekstra undervisningsfag i grunnskulen. Studiet inneheld difor musikkdidaktikk og arbeidsmåtar som er aktuelle for grunnskule og andre musikkarenaer for barn og unge.

Du lærer:

  • å legge til rette for musikkaktivitetar med barn og unge
  • om ulike musikksjangrar
  • om samspel, komponering og arrangering
  • om lytting, musikkhistorie og musikkteori
  • fagdidaktikk retta mot grunnskulen

Du får individuell undervisning i hovudinstrumentet ditt gjennom heile året, og får utfalde deg i studio, konsertsal og gode øvingsrom på campus.

Undervisningsmåtar

I eit svært godt utstyrt bygg nær studentheimane arbeider og øver vi både individuelt og i grupper. Undervisninga varierer mellom forelesingar, praktisk arbeid, seminar, indiviuelt arbeid, gruppearbeid og ekskursjonar.

Noko av undervisinga er organisert som prosjekt og tverrfaglege tema. Du får vere aktiv i framføringar og konsertar, samt studietur både haust (Ole Bull Akademiet) og vår (ulikt kvart år).

Vil du studere meir?

Årsstudiet i musikk kan gjelde som eit fjerde år i gamal ordning for grunnskulelærarutdanning og som første år i faglærarutdanninga i musikk på HVL. På faglærarutdanning må ein i tillegg avlegge ein opptaksprøve.