Studieplan - Musikk årseining

Kull Hausten 2020

Eit årsstudium kan du bruke til så mykje. Det kan blant anna vera starten på vidare studier i faget, ei smaksprøve på lærerutdanninga, eit ekstra undervisningsfag til bruk i grunnskulen eller eit år der du vil fokusere på eigenutvikling innan musikk. 

Læringsutbytte

Sjå emnebeskriving under Utdanningsplanar, studiestart 2017 haust.

Innhald

På musikk årsstudium får du undervisning i eit breitt spekter av musikkdisiplinar som hovedinstrument, samspel, biinstrument, høyrelære fagdidaktikk, musikkhistorie, komponering, arrangering, musikkteori, leiing og kor. Studentane lærer mellom anna å legge til rette for musikkaktivitetar med born, og får innblikk i mange ulike musikksjangrar. Som student er du aktiv i framføringar og konsertar i høgskulemiljøet samstundes som du får mogleik til å dra på ekskursjonar og studietur.

Praksis

Det er lagt inn to veker med rettleia praksis i løpet av studieåret. Praksis kan verta organisert ulikt etter studentgruppa sin samansetning. Praksis kan vera observasjon av musikkundervisning og annan undervisning i grunnskulen, samt gjennomføring av prosjekt retta mot barn og unge. 

Arbeidsformer

Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom praktisk skapande arbeid, førelesingar, prosjekt- og gruppearbeid, framføringar og veiledning. Undervisning vil bli halden i grupper, og individuelt der det er hensiktsmessig. Det blir sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats.

For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling, legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredstiller dei faglige krava.

Vurderingsformer

Praktisk eksamen og mappeeksamen.

Internasjonalisering

Musikkseksjonen ved HVL har eit stort internasjonalt nettverk og kontakt med utdanningsinsitusjonar i mange land, blant anna Irland, Belgia og Hellas.