Studieplan - Bachelor i nautikk Y-veg

Kull Hausten 2020

Har du fagbrev som matros eller fiskar, og ønsker å bli sjøoffiser? Då kan du ta ein bachelor i nautikk Y-veg. Denne utdanninga fortel næringa at du har hatt praksis i forkant av studiet, og at du etter å ha fullført bachelorgraden er svært godt rusta for den jobben du skal gjere i organisasjonen deira.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon har følgjande totale læringsutbyte:

Kunnskap:

Kandidaten:

  • Har inngåande kunnskap i nautiske emne i tråd med regelverket i STCW 78 med tillegg, regel II/1 og II/2, seksjon A-II/1 og A-II/2, samt tabellane A-II/1 og A-II/2.
  • Har eit heilskapleg perspektiv på det nautiske fagområdet, med kunnskap om fagområdet si historie og tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
  • Har brei kunnskap om nasjonalt og internasjonalt maritimt regelverk relatert til operasjon og drift av skip.
  • Har brei kunnskap om ulike metodar, teoretiske perspektiv og problemstillingar relatert til maritim sikkerheit og leiing.
  • Har kunnskap innan matematikk, naturvitskap og maritim engelsk relatert til operasjon og drift av skip.
  • Har inngåande kunnskap om å innhente relevant informasjon og løyse problemstillingar ved bruk av grunnlagsfag som matematikk, fysikk, kjemi og metodefag i kombinasjon med nautiske emne som navigasjon, last, sikkerheit og leiing.
  • Har inngåande kunnskap om dekksoffiseren si rolle i samfunnet.
  • Kjenner til relevant forskings- og utviklingsarbeid, vitskapeleg metodikk, verktøy og arbeidsmåtar i det maritime fagområdet.
  • Er i stand til å oppdatere kunnskapen sin, til dømes gjennom litteratursøk, kontakt med ulike fagmiljø og revisjon av eigen praksis.
  • Har grunnleggjande kunnskap om innovasjonsprosessar som medverkar til utvikling av maritim næring.

 

Ferdigheiter:

Kandidaten:

  • Kan sjå dei ulike fagområda i samanheng, slik at han/ho kan nytte kunnskap og ferdigheiter frå fleire fag på ei problemstilling.
  • Kan med bakgrunn i kunnskapane som er tileigna i studiet, og relevant forskings- og utviklingsarbeid reflektere rundt og vurdere teoretiske, praktiske og tekniske problemstillingar knytt til operasjon og drift av skip, og er i stand til å gjere grunngjevne val.
  • Kan nytte kunnskapane frå grunnlagsfaga på eit bredt spekter av maritime problemstillingar.
  • Kan nytta ulike metodar og verktøy, inkludert simulator, for å operere skip trygt og effektivt.
  • Er i stand til å leie operasjonar om bord i skip på norsk og engelsk.
  • Kan arbeide sjølvstendig og i team.
  • Har innsikt i og kan reflektere over eigen fagleg utøving, og justere denne under rettleiing.
  • Kan forhalde seg til og kommunisere med personell fra andre faglege retningar og med annan nasjonalitet.
  • Kan nytte relevant fagterminologi og andre maritime uttrykksformer.
  • Kan finne, halde seg kritisk til, nytte og vise til relevant informasjon, litteratur og fagstoff, samt framstille og drøfte dette slik at det belyser ei problemstilling.

 

Generell kompetanse:

Kandidaten:

  • Innehar det teoretiske grunnlaget i tråd med STCW 78 med tillegg regel II/1 og II/2 til å gjennomføre kadettpraksis.
  • Har problemforståing i fagområde som navigasjon, last, sikkerheit og leiing.
  • Er medviten samfunnsmessige, miljømessige og etiske utfordringar relatert til maritim verksemd, og evnar å sjå kunnskapen i samanheng med si rolle om bord eller i landbasert verksemd.
  • Kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt, aleine eller saman med andre, i tråd med etiske krav og retningslinjer.
  • Kan formidle maritim fagkunnskap, teoriar og problemstillingar til ulike målgrupper, skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
  • Kan bidra i tverrfagleg arbeid og kan tilpasse eigen fagleg utøving og teameigenskapar til den aktuelle arbeidssituasjonen og arbeidstilhøva.
  • Deltar aktivt i faglege diskusjonar og er i stand til å dele kunnskapane og erfaringane sine med andre, for på denne måten å bidra til utvikling av god praksis.
  • Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i det maritime fagfeltet.
  • Har utvikla eit grunnlag for utvikling av analytisk evne og vilje, samt tileigna seg teoretiske kunnskapar til å fortsetje studier på masternivå i inn- og utland.

Innhald

Den treårige nautiske Y-vegsutdanninga er ei profesjonsutdanning som kvalifiserer til bachelorgrad i nautikk Y-veg og den teoretiske delen av dekksoffiser-/navigatørutdanninga i tråd med STCW 78 med tillegg, regel II/1 og II/2. Utdanninga gir innsikt i og kunnskap om verdien av maritim verksemd i lokalt, nasjonalt og globalt perspektiv, og bidrar til å ivareta samspelet mellom maritim teknologi, miljø og samfunn.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ansvar for at undervisninga er i tråd med Sjøfartsdirektoratet sine gjeldande krav. Utdanninga er underlagt Sjøfartsdirektoratet sine krav til kvalitetssikring i tråd med STCW 78 med tillegg og FOR 2011-12-22 nr. 1523 Forskrift om kvalifikasjoner og sertifikater for sjøfolk. Bachelorgraden oppfyller krava i STCW A-II/1 og A-II/2. I tillegg til ordinære emner må følgjande kurs gjennomførast:

  • Vidaregåande sikkerheitsopplæring for dekksoffiserar (dekkjer STCW A-VI/2-1, A-VI/3 og A-VI/4-1).
  • Medisinsk behandling (STCW A-VI/4-2)
  • Maritim kommunikasjon (GMDSS, STCW IV)

HVL arrangerer nokre av desse kursa i samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar. Høgskulen tek atterhald om at det kan bli kravd kursavgift på slike kurs etter nærare informasjon. Studentane vil få utstedt kursbevis for ARPA, ECDIS og AIS og ferdigheitssertifikat for sikkerheitskurs og medisinsk behandling, i tillegg til at Telenor utsteder GOC-sertifikat. Kursbevis og ferdigheitssertifikat blir skrivne ut på bakgrunn av kurs og emner som studentane gjennomfører i løpet av studiet. Tilbodet om slike kurs blir gitt studentar med rimeleg progresjon i studiet, og som ikkje har gjennomgått tilsvarande kurs før studiestart og dermed har gyldig kurs. Kurs er normalt gyldige i 5 år. I tillegg kan det bli sett kvalifikasjonskrav.

Kurs blir berre tilbudt éin gong for kvar einskild student. Dersom ein har meldt seg opp, men ikkje fullfører kurset utan godkjent grunn, vil ein ikkje få moglegheit til å ta kurset på nytt gjennom høgskulen. Gyldig kurs kan óg vera forkunnskapskrav til påfølgjande emner. Dersom kurset ikkje lenger er gyldig ved oppmelding til det påfølgjande emnet, må studenten sjølv sørge for nytt kurs før oppmelding kan skje.

Studentar med opptak på Bachelor i nautikk Y-veg får óg tilbod om kurset Sikkerheitsbevisstheit for sjøfolk med særskilte sikkerheitsplikter, som dekkjer STCW A-VI/6(4) og tabell A-VI/6-2. Når kurset er gjennomført, får ein eit ferdighetssertifikat. Dette kurset er ikkje obligatorisk for å oppnå bachelorgraden.

Gjennom valemner i bachelorprogrammet kan studentane óg oppnå kursbevis innan:

  • Tankermann, lavaste grad olje og kjemikalie, og høgste grad olje (STCW A-V/1-1, tabell: A-V/1-1-1 og A-V/1-1-2)
  • Kystseglas for kadettfarledsbevis, 48 t. (Gjennomført i tråd med Modellkurs "Cadet Pilot Exemption Course")

Desse emna eller kursbevisa er ikkje obligatoriske for å oppnå bachelorgraden.

Arbeidsformer

Undervisinga tar utgangspunkt i ei forskingsbasert og analytisk tilnærming til emna som inngår i studiet, til dømes gjennom arbeid med casestudier, pensumlitteratur og liknande. Varierte formidlingsformer blir nytta, med førelesingar, oppgåveløysing i grupper og problembasert læring som dei mest vanlege. Det blir lagt ned svært mykje arbeid i førebuingar frå fagpersonalet si side, og det blir difor forventa at studentane møter førebudde i undervisinga.

Gruppearbeid i tillegg til individuelt arbeid er dei arbeidsformene som nyttast mest. Studenten må reknaemed minimum 30 timar per studiepoeng per semester i eigenarbeid.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er integrert i undervisninga med Canvas og databaserte støttesystem som viktige verktøy i det faglege og pedagogiske arbeidet.

Vurderingsformer

Vurderingsformene har to formål:

  1. Dei skal gi studentane tilbakemelding på kvar dei står fagleg og dermed leggje til rette for forbetring.
  2. Dei skal seia noko om studentane sitt læringsresultat.

Karakterskalaen utgjer bokstavkarakterane A-F eller bestått / ikkje bestått. Karakterane A-E viser at studenten har bestått kurset, og karakteren E indikerer at alle minimumskrav i STCW er dekka. Karakteren F angir stryk. Karakteren C reflekterer eit godt og solid fagleg resultat.

Internasjonalisering

Bachelor i nautikk gir moglegheiter for utveksling til ulike utdanningsinstitusjonar utanlands. Utvekslinga kan vere av ulik lengd og innhald. Meir informasjon blir gitt ved studiestart.