Norsk 1 1.-7. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Denne vidareutdanninga er eit reint nettstudium, og rettar seg mot deg som underviser i norsk på 1. - 7. trinn.

Du lærer om

  • Den første og andre lese- og skriveopplæringa
  • Talemål og skriftspråk
  • Barne- og ungdomslitteratur
  • Elevtekstar

Studiet inneheld to modular: Begynnaropplæring og mellomsteget.

Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. . Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Undervisningsmåtar

Dette er eit reint nettstudium. Etter at påmeldingsfristen er ute, vert det sendt ut ei undersøking om kva samling du kan delta på. Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper. Slik foregår nettsamlingane.

Det er fire arbeidskrav per semester, både individuelle og gruppearbeid. Arbeidskrava skal ha utgangspunkt i utvikling av eigen praksis, og minst eitt av desse skal handle om pedagogisk bruk av IKT i lese- og skriveopplæringa. Kollegarespons står sentralt.

Grunnlitteratur

  • Birkeland, T., Mjør, I., & Teigland, A.-S. (2018). Barnelitteratur. Sjangrar og teksttypar. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.  
  • Breivega & Selås (red.) (2018). Skriveboka. Innføring i skriveopplæring. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Jansson, B.K. og Traavik, H. (red.) (2013) Norskboka 1. Norsk for grunnskolelærerutdanning.  Oslo: Universitetsforlaget.
  • Jansson, B.K. og Traavik, H. (red.) (2014) Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærerutdanning.  Oslo: Universitetsforlaget.

Timeplan

Med atterhald om endringar på grunn av Korona.

Det er to timar førelesing kvar veke. Etter at du har fått stadefesta opptak, vil du få ein e-post der du vert spurt om å prioritere kva tidspunkt som høver best for deg:

  • Måndagar 10.00–12.00
  • Måndagar 13.00–15.00
  • Tysdagar 10.00–12.00