Norsk 2 5.-10. trinn

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Norsk 2 er ei samlingsbasert vidareutdanning som byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærar 5-10, og høver for deg som skal undervise på 5. -10. trinn.

Formål
Etter lov Forskrift til opplæringslova § 14-2 (2006) må ein lærar ha 60 studiepoeng norsk for å undervise i faget på ungdomssteget. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra, og det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin på området lesing og skriving. Norsk 2 set deg i stand til å møte desse krava og fører fram mot ein tilstrekkeleg kompetanse for å undervise på ungdomssteget.

Emner i studiet
Utdanning er delt i to emne på 15 studiepoeng. Emne A går haust og emne B går vår.

Norsk på ungdomssteget 1: Historisk perspektiv legg vekt på historisk oversikt og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.

Norsk på ungdomssteget 2: Språk- og tekstmangfald legg vekt på språkleg mangfald gjennom innsikt i talemålsvariasjon, sosiolektar og fleirspråklegheit, og tekstleg mangfald gjennom fokus på multimodale tekstar, ulike medium og retoriske strategiar. Norsk 2 gir også djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit betre grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.

 

Videre info
Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Undervisningsmåtar

Arbeidsformer er førelesningar, individuelt arbeid, bruk av øvingsrom, gruppearbeid og drøftingar.

Forslag til samlingsdatoar hausten 2020: 7.-9. september og 26.-29. oktober.

Du arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom samlingane. Kommunikasjon og aktivitet mellom samlingane går føre seg digitalt. Ein sentral del av arbeidet vil vera knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Nynorsk og bokmål er sidestilte målformer i studiet.

Det er obligatoriske munnlege og skriftlege arbeidskrav. Ein del av oppgåvene vil medføra utprøving og/eller refleksjon over eigen praksis og at studenten bidrar i skulen sitt utviklingsarbeid.

Vurdering emne 1

  • Heimeeksamen over tre dagar, bokmål, 50%
  • Semesteroppgåve, 4800 ord, valfri målform, 50 %

Vurdering emne 2

  • Heimeeksamen over tre dagar, nynorsk, 50 %
  • Munnleg eksamen, førebudd presentasjon, 50 %

Timeplan

Samlinger høsten 2020

Med forbehold om endringer på grunn av Korona.
Studenter vil få bekreftet samlingstider før studiestart.

Uke Dato Klokkeslett

37 07.09.2020 Man
37 08.09.2020 Tirs
37 09.09.2020 ons

44 26.10.2020 Man
44 27.10.2020 Tir
44 28.10.2020 Ons
44 29.10.2020 Tors