Studieplan - Norsk 2, 5 - 10 trinn

Kull Hausten 2020

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Norsk 2 byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærar 5-10, og høver for dei som skal undervise på 5. -10. trinn. Utdanning er delt i to emne på 15 studiepoeng. Emne A går haust og emne B går vår.

Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom samlingane. Kommunikasjon og aktivitet mellom samlingane går føre seg digitalt. Ein sentral del av arbeidet vil vera knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Nynorsk og bokmål er sidestilte målformer i studiet.

Innhald

Norsk 2, trinn 5-10 er ei samlingsbasert vidareutdanning innan Utdanningsdirektoratet si satsing Kompetanse for kvalitet.

Norsk 2 byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærar 5-10, og høver for dei som skal undervise på 5. -10. trinn. Utdanning er delt i to emne på 15 studiepoeng. Emne A går hausten 2017, og emne B går våren 2018.