Økonomi og administrasjon

Bachelor Hausten 2020

Med ein bachelor i økonomi og administrasjon får du ei solid og brei fagleg plattform, og du blir attraktiv på arbeidsmarknaden.

Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta. I tillegg til ein brei økonomisk og administrativ kompetanse, får du spisskompetanse innanfor ei fagretning du vel sjølv.

Du har fag innan 

  • bedriftsøkonomi og rekneskap
  • leiing, organisasjon og administrasjon
  • metode
  • samfunnsøkonomi
  • etikk, samfunnsansvar og berekraft

I 3. studieår vel du valemne og skriv bacheloroppgåve.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, diskusjonar, seminar og rekneverkstad. Du arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper.

Vil du studere meir?

Utdanninga kvalifiserer både direkte til arbeidslivet og til vidare studium på masternivå. Du kan ta relevante masterutdanningar ved HVL (for eksempel master i innovasjon og leiing eller master of science in business) eller ved andre utdanningsinstitusjonar i Noreg og i utlandet.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Les meir om å dra på utveksling.

Kor kan du reise?

Australia | Queensland University of Technology

Australia | Victoria University

Australia | University of the Sunshine Coast

Australia | James Cook University

Australia | Griffith University

Belgia | Haute École de la Province de Liège

Belgia | Haute Ecole 'EPHEC' - Branch: Institut supérieur des 'Aumôniers du Travail'

Belgia | Artevelde University of Applied Sciences

Brasil | University of the Valley of Itajaí

Canada | Trent University

Finland | Seinäjoki Polytechnic

Finland | Satakunta Polytechnic

Frankrike | IDRAC International School of Management

Italia | University of Padua

Japan | Kansai University

Latvia | ISMA Graduate School

Litauen | Alytus College

New Zealand | The University of Waikato

Polen | Academy of Business in Dąbrowa Górnicza

Polen | Higher School of Banking, Gdansk

Polen | Jan Kochanowski University in Kielce

Russland | Admiral Makaroc State Maritime Academy

Slovenia | University of Primorska

Spania | University of Huelva

Storbritannia og Nord-Irland | University of Strathclyde

Storbritannia og Nord-Irland | University of Manchester

Sør-Korea | Myongji University

Tyskland | Fachhochschule Ingolstadt

Tyskland | University of Applied Sciences Emden/Leer

Ukraina | Petro Mohyla Black Sea National University

USA | Pacific Lutheran University

USA | State University of New York-College at Old Westbury

USA | Augustana University

USA | San Diego State University

USA | California State University Monterey Bay

USA | Western Washington University

USA | Indiana University of Pennsylvania

USA | University of California, Berkeley

USA | University of New Haven

Praksis i økonomiutdanninga ved HVL, campus Haugesund