Studieplan - Bachelor i økonomi og administrasjon, Sogndal

Kull Hausten 2020

Studiet gir kandidatane ein brei kompetanseplattform innanfor det økonomisk- administrative fagområdet og byggjer på anbefalt nasjonal plan frå Universitets og høgskulerådet (UHR) sin fagstrategiske eining for økonomi og administrasjon. Korleis ein skapar og forvaltar verdiar i eit langsiktig perspektiv står sentralt i studiet. Kandidatane får difor kunnskap om korleis private og offentlege verksemder tek avgjersler for å koordinere og optimalisere bruken av knappe ressursar for å nå verksemda sine mål. Vidare lærer kandidatane både å forstå dei samfunnsmessige verknadane av verksemdene sine avgjerslene og korleis samfunnsmessige endringar påverkar verksemder og deira avgjersler. Studiet gir også kandidatane innsikt i forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet slik at dei har oppdatert kunnskap om teoriar og metodar.

 

 

Studiet bidreg til å utvikle kandidatane sin kritiske tenking og gir grunnlag for vidare studiar på masternivå. Studiet er spesielt tilpassa masterstudiet i økonomi og administrasjon (som gir sidetittelen siviløkonom). Ved å velje emne innan finansrekneskap, skatte- og avgiftsrett, rettslære og bacheloroppgåve i rekneskap, kan studentane etter to års relevant praksis også søke Finanstilsynet om autorisasjon som rekneskapsførar.

Læringsutbytte

 

Emna som er inkludert i bachelorprogrammet skal samla bidra til at studentane oppnår følgjande læringsutbytte på programnivå:

 

KUNNSKAP

 

Kandidaten:

  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innafor det økonomisk-administrative fagområdet, medrekna: o korleis kapitalmarknadene og verdipapir fungerer, korleis verksemder vert finansiert, korleis investeringar vert vurdert
  • korleis økonomiske styringsverktøy vert brukt og korleis rekneskap vert utarbeida, rapportert og analysert
  • korleis verksemder utviklar og iverkset strategiar, korleis dei vert organisert og leia, samt korleis produkt og tenester vert marknadsført og posisjonert.
  • korleis marknaden fungerer, korleis konsumentar og produsentar gjer sine val og korleis desse vert påverka av økonomisk politikk, teknologi og internasjonale rammevilkår
  • korleis verksemder vert starta, utvikla og endra i tråd med behov, juridiske rammer og forventningar i samfunnet, slik som til dømes berekraft, globalisering, innovasjon og teknologiutvikling, samt den nordiske arbeidslivsmodellen si verknad for arbeids- og næringsliv.
  • korleis verksemder utøver sin aktivitet på ein etisk forsvarleg måte slik at dei ivaretek sine interessentar og samtidig fremjar FN sine berekraftsmål
  • har grunnleggjande kunnskap i matematikk, statistikk og samfunnsvitskapelig metode, samt forstår korleis metodiske verktøy vert brukt i samband med å hente inn, organisere og analysere data.
  • kjenner til fagområda si historie, tradisjonar, eigenart, plass i samfunnet, samt forskings- og utviklingsarbeid

 

FERDIGHETER

 

Kandidaten:

  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og grunngje sine val, medrekna: o innhente, sortere og vurdere relevant informasjon
  • analysere økonomisk-administrative problemstillingar ved hjelp av eigna teori og empiriske metodar
  • gjere ei kritisk vurdering av usikkerheit ved eigne analyser
  • evner å kommunisere innhaldet i analyser, metodeval, resultat og føresetningar både munnleg og skriftleg
  • kan nytte arbeidslivsrelevante digitale verktøy, teknikkar og uttrykksformer
  • kan vurdere ulike typar risiko og konsekvensar av avgjersler
  • kan nytte ulike faglege perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å forstå korleis verksemder fungerer
  • kan integrere ansvarlegheit og omsyn til berekraft i verksemda sin forretningsmodell og praksis

 

GENERELL KOMPETANSE

 

Kandidaten:

  • er medviten sine eigne verdiar og korleis desse verkar inn på eigen aktivitet og slutningar
  • viser evne til ansvarlegheit, kritisk tenking og etisk refleksjon
  • forstår korleis problemstillingar, prosessar og avgjersler verkar inn på ressursar, kontekst og verdisett
  • har grunnlag for å bidra til langsiktig verdiskaping for verksemder og samfunn
  • har grunnlag for å operere i ein internasjonalt arbeidsmarknad
  • kan samarbeide i ulike kontekstar og på tvers av fagområde
  • har grunnleggjande forståing av IT- system og -prosessar, og korleis desse kan bidra til forretningsutvikling og verdiskaping
  • skal bidra til å fremje verksemder sin innovasjons- og omstillingsevne i ein omskifteleg arbeidsmarknad.

Innhald

 

Studieplanen er bygd opp kring fem kjerneområder:

  • Bedriftsøkonomiske fag (finansrekneskap, økonomistyring, investeringsanalyse og finansiering)
  • Administrative fag (marknadsføring, foretaksstrategi, organisasjonsteori og leiing)
  • Samfunnsøkonomiske fag (mikroøkonomi og makroøkonomi)
  • Metodefag (matematikk, statistikk, samfunnsvitskapelig metode)
  • Etikk, samfunnsansvar og berekraft

Obligatoriske emne utgjer 135 studiepoeng, valfrie emne utgjer 45 studiepoeng. Studentane kan velje valfag i 4., 5. og 6. semester. Merk at tilbodet av valemne kan bli endra. Valemne med få studentar kan bli avlyste. Avlysing av valemne vil bli kunngjort like etter semesterstart. Andre relevante emne enn dei omtalte i studieplanen kan inngå som valemne etter søknad.

Praksis

Sjå emneomtalar - ingen obligatorisk praksis.

Arbeidsformer

Arbeidsformene på studiet vekslar mellom forelesingar, diskusjonar, seminar, gruppeøvingar og kollokviegrupper med rettleiar. Studiet nyttar også problembasert læring med vekt på oppgåver som er aktuelle og relevante for verksemder både i dag og i framtida. Studiet føreset at kandidaten er til stade i Sogndal og enkelte emne kan innehalde obligatoriske aktivitetar.

Det vert lagt opp til ein studietur i 2. eller 3. klasse med besøk hjå verksemder og institusjonar. Studentane må rekne med eigenbetaling for delar av ekskursjonen. For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

For å følgje undervisning og gjennomføre eksamenar i studiet, må studentane disponere eigen berbar datamaskin med standard programvare.

Vurderingsformer

Ulike former for vurdering og prøving vert nytta i studiet. Sjå emneomtalen for det enkelte emnet for detaljert skildring av vurderingsformene som er nytta i studiet.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for at studentar som ønskjer det kan studere i utlandet hausten det 4. studieåret. Studentane må søkje om godkjenning på førehand for at opphaldet skal verte godkjent som del av studiet.