Psykososialt arbeid med barn og unge

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Ønskjer du å arbeide med barn og ungdom som treng at du ser dei litt ekstra? Dette er vidareutdanninga for deg som har behov for auka kompetanse til å styrke meistring og trivsel hos barn og unge i heim, barnehage, skule, arbeid og fritid.

Dette er eit oppdragsstudium i regi av Helsedirektoratet.

Du lærer om

  • barn og ungdom si psykiske helse
  • forhold i lokalsamfunn, barnehage, skule, helse- og sosialtenesta som fremjer god psykisk helse
  • ulike psykososiale problem og psykiske lidingar, og korleis identifisere og kartlegge slike forhold
  • samhandling med barn og ungdom og deira foreldre eller føresette
  • helsefremmande og sjukdomsførebyggande arbeid
  • tverrfagleg samhandling og lokalt prosjektarbeid

Er du tilsett i ein kommune? Då kan arbeidsgivaren din søke Fylkesmannen om kompetanse- og innovasjonstilskot.

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert, og vi legg opp til tre vekesamlingar med obligatorisk oppmøte kvart semester. Vi har forelesingar, rollespel, video, rettleiingsgrupper, sjølvstudium, oppgåveskriving/arbeidskrav og teorigrupper/ kollokviegrupper.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen vere gjennom den digitale læringsplattformen Canvas.

Samlingar 2020

Samlingar for studiestad Stord/Haugesund:

  • Veke 35
  • Veke 40
  • Veke 47

Samlingar for studiestad Førde:

  • Veke 36
  • Veke 43
  • Veke 48

Vil du studere meir?

Emnet PSBU104 Psykososialt arbeid med barn, ungdom og deira familiar - ulike praksisar, teoriar og etiske dilemma er godkjent som valfritt emne i master i samhandling og folkehelse.