Psykisk helsearbeid

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Ønskjer du å styrke og vidareutvikle den faglege og personlege kompetansen din i arbeid med menneske med psykiske lidingar og psykososiale vanskar? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg. Utdanninga er tverrfagleg, og er på masternivå.

Vi har eit særleg fokus på meistring og helsefremming med utgangspunkt i samarbeid med brukarar og personar i nettverket.

Du lærar om:

  • fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk
  • organisering av tenesta på individ- og systemnivå
  • kommunikasjon, samarbeid, konflikthandtering og konfliktløysing
  • krevjande livserfaringar og psykiske lidingar i eit livsløpsperspektiv
  • vitskapsteori, metode og etikk

Er du tilsett i ein kommune? Då kan arbeidsgivaren din søke Fylkesmannen om kompetanse- og innovasjonstilskot.  

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, rettleiing og gruppearbeid med framlegg. Studiet er samlingsbasert, med rundt fire vekesamlingar per semester. Det er obligatorisk deltaking på samlingar, rettleiingsgrupper og kommunikasjon på nett. Det er krav til eigeninnsats mellom samlingane.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå gjennom den digitale læringsplattformen Canvas.

Praksis

Du skal delta i grupperettleiing, og gjennomføre ein praksisperiode på 270 timar. Vi nyttar praksisplassar innan psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta, psykisk helsearbeid i den kommunale helse- og sosialtenesta, familiekontor og poliklinikkar, der samhandlingskompetanse på tvers av etatar og forvaltningsnivå blir vektlagd.

Gjennom rettleiing i praksis skal du ha fagleg delansvar for den planlagde terapeutiske kontakten med pasient/brukar og familie.

Vil du studere meir?

Du kan bygge på vidareutdanninga med master i psykisk helse- og rusarbeid på campus Bergen. Du søkjer opptak og innpass på mastergradstudiet. Du vil då få godskrive første del (60 studiepoeng) av mastergradstudiet.

Studiet kan også etter søknad gå inn som valfritt emne og gi avkorting av andre relevante masterstudium.

Timeplan

Haust 2020

  • Veke 35 og 38: PS1-300 Fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk, 7,5 stp.
  • Veke 42 og 47: PS1-301 Vitskapsteori, metode og etikk, 7,5 stp.

Vår 2021

  • Veke 2 og 5: PS1-302 Organisering av tenesta på individ og systemnivå i PSH, 7,5 stp.
  • Veke 11 og 15: PS1-303 Kommunikasjon, samarbeid, konflikthandtering og konfliktløysing, 7,5 stp.

Til timeplan for haustsemesteret, med forbehold om endringar. Frå veke 31 kan du óg finne timeplanen i TimeEdit.