Redningsdykkerkurs

, hausten 2020

Kurset gir grunnleggande opplæring som redningsdykkar i form av undervisning og praktiske øvingar med sjølvforsynt og overflateforsynt dykkarutstyr. Kandidaten får også trening i redningsoperativ dykking, som inkluderer utrykkingsfase og søk, samt berging av forulykka, redning av store verdiar og bevaring av miljø.

Kurset gjennomførast ved Dykkarutdanninga i Bergen. Desentralisert undervisning av heile, eller delar av kurset kan også arrangerast i samarbeid med lokalt brannvesen. Kurset har som mål å sette dykkaren i stand til å utføre redningsdykking på ein sikker måte til ei djupne av 30 meter.

Grunna stor pågang frå brannvesen i Noreg, har det sidan 2003 blitt arrangert kurs lokalt hos dei respektive brannstasjonane, men det blir opna for at personell som ikkje er knytt spesifikt til brannvesenet kan delta på desse kursa. Interesserte kan ta kontakt med Dykkarutdanninga

Kurset varer i 9 veker (45 skoledagar) og har 10 kandidatar. Er det fleire søkarar enn kursplassar, vil søkarane bli prioriterte etter søknadsdato.

Kva blir du kvalifisert for?

Ved gjennomført kurs er kandidaten kvalifisert til å praktisere som redningsdykkar ved ein redningsetat. Dykkebevis A og fagopplæring redningsdykking (A+R) blir skriven ut av Høgskulen på Vestlandet, Dykkarutdanninga.