Studieplan - Reiselivsleiing, bachelorstudium, Sogndal

Kull Hausten 2020

Reiseliv er ei næring i stadig vekst på den globale arena og studiet skal gje moglegheit til å leia verksemder innan transport, overnatting, attraksjonar, aktivitets- og opplevingsbaserte, og/eller til å jobbe innan marknadsføring og sal i reiselivet. Studiet legg og til rette for å jobbe med eiga entreprenørverksemd og innovasjonsutvikling.

Studiet skal gje studenten ein brei kompetanseplattform for å arbeide innan reiselivsnæringa, som fagperson eller rådgjevar i privat næringsliv, offentleg sektor og andre organisasjonar. Studentane skal kunne arbeide som leiarar og mellomleiarar i privat og offentleg sektor.

Læringsutbytte

Etter fullført studium skal kandidaten ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskapar

Kandidaten har/kan:

  • kunnskap om næringsstrukturen i reiselivet
  • kunnskap om utvikling og drift av kjernenæringane i reiselivet og spesielt om natur- og kulturbaserte opplevingar, attraksjonar og arrangement
  • kunnskap om verktøy for heilhetleg reisemålsutvikling
  • kunnskap om samfunnsansvar og bærekraftig utvikling av reiselivsføretak og reisemål
  • kunnskap om tema- og nisjebasert reiseliv
  • kunnskap om leiing og strategi i reislivsføretak 
  • kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innan fagområdet
  • nytte brei og oppdatert kunnskap om relevante teoriar og metodar
  • kunnskap om avgjerdsler på mikronivå innanfor private og offentlege organisasjonar med sikte på å koordinere bruken av knappe ressursar for å nå organisasjonens mål
  • nytte grunnleggande kunnskap om begrep og utfordringar knytta til reiseliv og turisme
  • kunnskap om marknadsføring og ulike verktøy, metodar og teknikkar knytta til merkevarebyggjing i praksis
  • kunnskap om korleis produkt og tenester kan utviklast og marknadsførast
  • eit godt metodegrunnlag i statistikk og samfunnsvitskapleg metode

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • nytte forskings- og utviklingsarbeid på praktiske problemstillingar som dei kan møte i arbeidslivet
  • planleggje og gjennomføre eigne prosjekt
  • jobbe saman med andre i grupper, kunne formidle fagstoff skriftleg og munnleg og kunne utveksle synspunkt og erfaringar, og slik sett bidra til utvikling av god praksis
  • framskaffe, analysere og presentere økonomisk styringsinformasjon
  • sjå dei ulike fagområda i samanheng, slik at dei kan bruke kunnskapar og ferdigheiter frå fleire fag på ei bestemt problemstilling
  • bidra til utviklingsarbeid for å fremje verksemda si innovasjonsevne
  • leie prosessar innan utvikling av reiselivet
  • leie organisasjonar i reiselivet og offentleg sektor
  • utvikle nye reiselivsprodukt

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • skal kunne gå vidare på masterstudier i inn- og utland
  • har fagleg innsikt og analytiske ferdigheiter 
  • kan bruke dei kunnskapane, metodane og verktøya dei opparbeidar seg på ein kritisk måte

Innhald

Bachelorstudiet i reiselivsleiing er eit treårig studium som gjev graden bachelor i reiselivsleiing. Studiet er på 180 studiepoeng.

Utdanninga består av emne innanfor reiselivsfag, leiing, marknadsføringsfag, innovasjon, entreprenørskap og emner innanfor økonomiske og administrative fag. Reiselivsfaga byggjer på kvarandre og fokus er alltid kva som er relevant for reiselivsnæringa i dag. Utdanninga skal gje kunnskap om sentrale begrep, tema og teoriar innanfor reiseliv slik som reisemålsutvikling, temabasert reiseliv, bærekraftig reiseliv og utvikling av oppleving og attraksjonar.

I tredje semester kan studentane velje mellom utanlandsopphald ved godkjent universitet/høgskule, ID3-224 Outdoor Education and Nordic Friluftsliv (30 studiepoeng) eller følgje dei obligatoriske emna i semesteret.

For valemne ID3-224 Outdoor Education and Nordic Friluftsliv er det krav om fullført og bestått 60 stp. Undervisnings- og eksaminasjonsspråk er engelsk. Det vert rangering etter karakter dersom det vert fleire søkjarar enn studieplassar. Rangering skjer på bakgrunn av oppnådde karakterar 1. studieår. Søknadsfrist for ID3-224 er 1.juni.

Studieplanen vert revidert ein gong per år, med atterhald om endringar både i rekkjefølgje av emna og emnetilbod.

Praksis

Sjå emneomtalar.

Arbeidsformer

Undervisninga vekslar mellom førelesningar, seminar, arbeidsgrupper, øvingsoppgaver, arbeidskrav og casearbeid. Problembasert læring med vekt på oppgåver som er aktuelle og relevante, står sentralt i studiet si undervisning og læringsform.

I studiet vert det lagd vekt på å lære studentane opp til å jobbe sjølvstendig både med individuelt arbeid og gruppearbeid. Det er nødvendig med eit stort innslag av sjølvstudium.

For å følgje undervisning og gjennomføra eksamenar i studiet, må studentane disponere eigen berbar datamaskin med standard programvare.

For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

Studiet inkluderer praksis, både i emnet RE6-2006 og i RE6-2005.

Vurderingsformer

Sjå emneomtalane.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for utanlandsopphald i 3. semester der ein gjennomfører studium ved ein utanlandsk institusjon. Emne må ha førehandsgodkjenning og vil inngå som valfri del i utdanninga.