Samfunnsfag

Årsstudium Hausten 2020

Er du samfunnsengasjert og interessert i kvifor samfunnet er som det er? Med årsstudium i samfunnsfag lærer du å forstå samtida betre, samtidig som du får innsikt i samfunnsutviklinga i fortid og notid.

Du har emne innan nyare historie, sosiologi og statsvitskap.

Du lærer å

  • forstå samanhengar mellom samfunn, styresett, levekår og globale spørsmål
  • sjå hovudtrekka i nyare norsk, europeisk og global historie
  • samanlikne og forstå politiske forhold i Europa og i den globaliserte verdspolitikken
  • kritisk vurdere historiefaglege og samfunnsvitskaplege tekstar

Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.

Undervisningsmåtar

Vi har førelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, munnlege presentasjonar, seminar- og gruppearbeid. Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.

Vil du studere meir?

Årsstudium i samfunnsfag kan danne grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning i til dømes historie eller sosiologi. Du kan også bruke årsstudiet inn i andre studium.