Samfunnsfag

Årsstudium Hausten 2020

Samfunnsfag omfattar fagdisiplinane historie, geografi og fagområdet samfunnskunnskap.

Faget skal utvikle ei brei forståing for samspel og konflikt mellom menneske, samfunn og natur i ulike tidsepokar og i ulike delar av verda. Faget er retta inn mot grunnskulen og skal utvikle kompetanse for å undervise i samfunnsfag i skulen. Fagdidaktikk er vektlagt i heile studiet.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom klasseromsundervisning, ekskursjonar og rettleiing i grupper og individuelt. Samfunnsfag er både eit munnleg og skriftleg fag, og diskusjonar og samtalar er ein viktig del av studiet.

Vil du studere meir?

Årsstudium i samfunnsfag kan danne grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning i til dømes historie eller sosiologi. Du kan også bruke årsstudiet inn i andre studium.

Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.