Studieplan - Samfunnsfag årseining

Kull Hausten 2020

Eit årsstudium kan brukast til så mykje. Det kan blant anna vera starten på vidare studier i faget, eller ei smaksprøve på lærerutdanninga. Samfunnsfag årsstudium tar opp saker frå nyhenda, og legg opp til at du som student er ein aktiv medskapar. Samfunnsfag omfatter fagdisiplinane historie, geografi og fagområdet samfunnskunnskap.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
  • har kunnskap om ungdom si historieforståing og historiebruk
  • har kunnskap om sosialisering og identitetsutvikling i barne- og ungdomsåra
  • har kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
  • har kunnskap om barn og unge sine rettar, demokrati, politisk og økonomiske deltakelse
  • har kunnskap om klima, miljø, ressurs og ressurskonfliktar nasjonalt og internasjonalt
  • har kunnskap om dei historiske hovudtrekka ved samfunnsutviklinga i Noreg, Sapmi og verden fra antikken til i dag
  • har kunnskap om ulike samfunn, kulturar og historiske vilkår
  • har kunnskap om arbeidsliv og verdiskaping
  • har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metoder
  • har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege kjelder i faget og kritisk vurdering av disse

Ferdigheiter

Kandidate:

  • kan nytte faglege og fagdidaktiske kunnskaper og ferdigheiter i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • kan beskrive og analysere livsformer og levekår i ulike deler av verda
  • kan arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar utifrå fagområdet sitt fakta og teorigrunnlag
  • kan planlegge, lede og vurdere læringsarbeid på ein måte som tar omsyn til mangfold, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan tilrettelegge for samarbeid og konfliktløysing
  • kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  • kan forstå aktuelle samfunnsforhold i eit historisk perspektiv
  • kan reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg

Innhald

Samfunnsfagstudiet omfattar fagdisiplinane historie og geografi og fagområdet samfunnskunnskap. Studiet skal kvalifisere studenten til å kunne arbeide sjølvstendig både med fagspesifikke og didaktiske utfordringar. Faget inneheld fagdidaktikk og skal setjast inn i et fagdidaktisk perspektiv.

Arbeidsformer

Det blir gitt innføringsførelesingar med utgangspunkt i pensumlitteratur. Dette blir fylgt opp opp med oppgåver og diskusjonar undervegs. Det blir lagt vekt på at studentane tar aktivt del og bidrar til eit levande og skapande studiemiljø.

For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling, legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredstiller dei faglige krava.

Vurderingsformer

  • Skriftlege og munnlege studiekrav.
  • Deltaking på ekskursjonar.
  • Skriftleg eksamen, munnleg eksamen og heimeeksamen.