Tolking i offentleg sektor

Halvtårsstudium Hausten 2020

Tolking i offentleg sektor er eit deltidsstdium som går over eit år og består av to emne som fokuserer på profesjonskunnskap, yrkesetikk og tolking i praksis. Studiet er retta mot dei som ønsker å bli tolk, eller de som allereie jobbar som tolk, men manglar formell kompetanse/tolkeutdanning.

Studiet skal førebu studentane på tolking av institusjonelle samtaler i norsk offentleg sektor. I løpet av studiet skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap om tolkeprofesjonen og yrkesetiske aspekt ved tolkerollen. Studentane skal også tileigne seg kontekstuell kunnskap og kompetanse innan utvalde fagområde innanfor offentleg sektor og tilhøyrande terminologi både på norsk og på tolkespråket, samt ferdigheiter i tolketeknikk og tolkemetodar.

For hausten 2020 kan ein søkja opptak i desse språka:

  • Arabisk
  • Dari
  • Nord-kurdisk (Kurmanji og Badinsk) - avlyst
  • Polsk
  • Somali - avlyst
  • Tigrinja

Det vil bli tatt opp studentar i dei fire språka med flest kvalifiserte søkarar.

Undervisningsmåtar

Tolking i offentleg sektor er eit nett- og samlingsbasert studium med tre samlingar per semester á to dagar. I tillegg til samlingane blir det 10 nettmøte. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen. Studiet krev mykje praktisk språktrening og ein stor eigeninnsats av studentane mellom samlingane. Oppgåver vil bli gitt. Det er føresett aktivt bruk av tilvist materiale ved sjølvstudium.

Vurderingsformer:

Emne 1 avsluttast med ein individuell skriftleg eksamen i slutten av haustsemesteret.
Emne 2 avsluttast med ein praktisk eksamen i slutten av vårsemesteret.

Kva blir du kvalifisert for?

Godkjent eksamen gir moglegheit til oppføring i kategori D i tolkeregisteret.

Timeplan

Det vil bli gjennomført samlingar i følgande veker hausten 2020: 35, 39 og 44.

Samlingane går over to dagar:

  • Fredag kl 11-17
  • Laurdag kl 09-15

Det vil bli nettundervisning (ein time i tidsrommet mellom kl 18-20 på vekedagar) i følgande veker:
36, 37, 38, 39, 40, 41, 42, 43, 44 og 45

Våren 2021 blir det samlingar i vekene 2, 11 og 16.
Nettundervisning vil bli gjennomført i vekene 4, 5, 6, 7, 10, 14, 15, 17, 18 og 19