Bedriftsøkonomisk analyse

Etter- og vidareutdanning Hausten 2020

Kurset gir grunnleggande kunnskapar i bedriftsøkonomisk teori og metode. Kurset startar med ei innføring i registrering av dei mest vanlege rekneskapsmessige transaksjonane. Det gir innsikt i registreringsprinsipp, registreringsrutinar og kontoplan.

Kursdeltakarane skal også lære å avslutte og presentere ein årsrekneskap (finansrekneskap). Vidare blir det gjennomgått korleis rekneskapsdata blir behandla i driftsrekneskap for bruk i ulike typar avgjerder på kort og lang sikt.

Kurset gir i tillegg innsikt i prinsipielle og praktiske problemstillingar knytte til investeringar og finansiering (lån) med spesiell vekt på metodar for lønsemd kalkylar.

Timeplan

Det er fire helgesamlingar.
Fredagar frå kl.16.00 - 20.00, laurdagar kl. 09.00 - 17.00, søndagar kl.09.00 - 14.00

Høst 2020
Med forbehold om endring på grunn av smittevernstiltak. Studentane vil få bekrefta tidspunkt før oppstart

1. samling: 21.-23. august
2. samling: 18. - 20. september
3. samling: 16.-18. oktober
4. samling: 13.-15. november