Yrkesdykking

, hausten 2020

Dykkarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet er ei fagskuleutdanning som gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar.

Ein yrkesdykkar er aktiv, nøyaktig og har gode samarbeidsevner. Det er ein fordel om du er praktisk innstilt, likar utfordringar og er villig til å ta initiativ. Ein yrkesdykkar er først og fremst ein fagperson som gjer arbeid under vatn.

I dykkarutdanninga lærer du mange ulike dykkemetodar og former for undervassarbeid. Du lærer også korleis du skal fungere i eit dykkarlag. I tillegg til opplæring i dei fleste former for yrkesdykking, får du lære om dykkefysikk, fysiologi, dykkemedisin, førstehjelp, dekompresjon, utstyrslære, regelverk, HMS, sjømannskap, søkemetodar og dykkeleiing. Du vil også lære om anleggsarbeid, undervass-sprenging, varmearbeid, berging og legging av røyr, havbruk og allmennfag.

Undervisningsmåtar

Teoriundervisninga skjer i klasserom og gjennom praktisk dykking. Dei praktiske øvingane startar i basseng innandørs og held fram med øvingar i sjø frå landbaserte dykkepostar og frå fartøy.

Merk at store delar av studiet har obligatorisk oppmøte.

Kva kan du jobbe med?

Som yrkesdykkar er du involvert i for eksempel anleggs- og inspeksjonsarbeid av bruer, kaier, røyrleidningar og olje- og gassinstallasjonar. Andre arbeidsområde er berging ved skipsforlis, dykking innan havbruk, registrering av marinarkeologiske funn og servicearbeid på skip og flytande innretningar.

Yrkesdykkinga i Noreg har to retningar, dykking innanskjers og dykking i Nordsjøen. Begge retningar blir dekka av denne utdanninga.

Kva blir du kvalifisert for?

Dette er ei fagskuleutdanning som gir deg dei fleste sertifikata du treng som yrkesdykkar:

  • Fagskulegrad yrkesdykking, 60 studiepoeng
    • Grunnleggande inspeksjonsdykking
    • Grunnleggande anleggsdykking og rørlegging
    • Teoridel sprenging under vatn
    • Brenning og sveising under vatn
    • Berging
    • Dykking innan havbruk
    • Dykking med Nitrox som pustegass
  • Dykkebevis B, grunnleggande tryggleiksopplæring
  • Dykkesertifikat Klasse 1, Petroleumstilsynet
  • IDSA Level 3 (Surface Supplied Offshore Air Diver)
  • Sertifikat varmearbeid
  • HMS-kurs, 40 timar
  • Utdanninga kvalifiserer til opptak til bedriftsintern opplæring hos brann- eller redningskorps (modul C), som gir dykkebevis A+R, redningsdykking