Medisinske laboratorieanalysar

Etter- og vidareutdanning Våren 2020

Grunna den teknologiske utviklinga innan medisinske laboratorieanalysar, aukar stadig kravet til kunnskap og ferdigheiter hos bioingeniørane. I dette fagfeltet opplever ein stadig auka krav til effektivisering, kvalitetssikring og auka behov for kompetanse innan datahandsaming og dataanalysar.

Målgruppa for studiet er bioingeniørar som ynskjer å heve sin faglege kompetanse.

Hovudmålet med studiet er å vidareutvikle bioingeniørar sin kompetanse og gi innsikt i nyare, avansert teknologi og medisinske laboratorieanalysar. Studiet har ei forskingsbasert tilnærming der studentane blir utfordra til å vere utforskande, reflekterande, kritiske og evaluerande. Fullført studie vil bidra til at studentane forstår fordelar og ulemper ved dei ulike laboratorieteknologiar og analysar i høve til ulike medisinske problemstillingar.

Studiet består av 2 emne. Kvart emne er på 10 studiepoeng.

Emna er BIO301 Effektive dataanalyser i det medisinske laboratoriet og BIO302 Avanserte biomedisinske analysemetoder .

Kvart emne er organisert i 3 samlingar på 5 dagar:

  • BIO301: veke 3,5 og 8
  • BIO302: veke 14, 17 og 19