Maritime Management

Bachelor Hausten 2021

Har du tatt toårig maritim teknisk fagskule og ønskjer å ta ei praksisnær leiarutdanning ved sidan av jobben din? Maritime management er ei skreddarsydd overgangsordning frå fagskule til bachelor som gir deg brei fagkunnskap og gjer deg attraktiv som sjøoffiser om bord i alle typar skip eller i den landbaserte delen av den maritime næringa.

Studiet er eit samarbeid mellom Universitetet i Sørøst-Norge, NTNU, UiT Norges arktiske universitet og Høgskulen på Vestlandet. Innhaldet i studiet er utarbeidd på bakgrunn av innspel frå maritimt næringsliv frå heile landet og tidlegare fagskuleutdanna.

Gjennom studiet lærer du mellom anna om

  • informasjonsteknologi i den maritime sektoren
  • økonomi og logistikk
  • organisasjon og leiing
  • risiko- og kvalitetsleiing
  • prosjektleiing
  • forskingsmetode og akademisk skriving

Studieprogrammet går på deltid over fire år, og er tilpassa deg som er i jobb.

Undervisningsmåtar

Studiet er nettbasert med to-tre samlingar på to til fire dagar i kvart semester. Samlingane vil bli fordelt tilnærma likt på kvar av dei fire utdanningsinstitusjonane. Du må sjølv dekke reise og opphald i samband med samlingane. Undervisninga på samlingane blir tatt opp slik at du skal kunne følgje dei sjølv om du ikkje har mogelegheit til å delta fysisk.

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, praktiske øvingar, ulike former for individuelt arbeid og gruppearbeid, bedriftsbesøk, rettleiing med meir. Mellom samlingane er det lagt opp til sjølvstudium, og for nokre emne vil det også vere einskilde nettøkter.

Før, mellom og etter samling vil du ha kontakt med emneansvarleg, forelesarar og medstudentar ved hjelp av ulike digitale verktøy.

Vil du studere meir?

Du kan bygge på utdanninga di med relevante masterstudium i inn- og utland. Med en master i maritime operasjonar frå HVL får du spisskompetanse innan leiing, styring, maritim IT og andre tema som er svært etterspurd i den maritime sektoren.

Utveksling

Vil du studere utanlands? I haustsemesteret på fjerde året er det tilrettelagt for eit studieopphald i utlandet.

Du kan blant anna reise til: